- Skal framleis vere lokalavis for Jølster og jølstringar

– Sjølv om Jølster opphøyrer som sjølvstendig kommune og vert del av nye Sunnfjord 1. januar, skal Firda Tidend også i framtida dekke det som skjer i Astrup-bygda, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.

Det er nok mange som har lurt på korleis Firda Tidend vil handtere den føreståande kommunesamanslåinga i Sunnfjord. Vil Jølster ikkje lenger vere ein del av dekningsområdet, eller tek avisa mål av seg til å bli lokalavis for heile Sunnfjord kommune? Redaktøren har svara på spørsmåla.

Frå Førde, ikkje Skei

– Firda Tidend sitt dekningsområde har vore Gloppen og Jølster, av og til med ein kikk utanom kommunegrensene. Slik blir det framleis, seier Gloppestad og understrekar at det geografiske området Jølster framleis vil vere Jølster – uavhengig av endra kommunegrenser.

– Skilnaden blir at forvaltninga av kommunale tenester no skal skje frå Førde, ikkje frå Skei, og som ein del av eit større system. Dette skal vi som lokalavis for Jølster følgje med på. Vi kjem til å vere til stades på kommunale møte og ha særskilt fokus på dei sakene som er viktige for jølstringane. Vonleg kan vi gjere dette stoffet interessant også for andre enn dei som bur i eller føler sterk tilknyting til Jølster, seier redaktøren.

Meir krevjande

Han legg til at samanslåinga til ein ny kommune også fører til at avisa må følgje med på ein del saker som får følgjer for heile den nye storkommunen.

– Budsjett og økonomiplan er eit døme på dette. I slike saker kjem vi til å presentere dei overordna linjene, for så å sjå på kva som er spesifikt for Jølster og hente inn kommentarar kring dette. Litt meir krevjande vil den nye situasjonen sjølvsagt bli for oss, men vi er heilt klart innstilte på å gjere vårt aller beste for å formidle mest mogleg av det som skjer i Sunnfjord og som er relevant for dei som bur i den indre delen av kommunen.

Lim og lupe

Dekninga av alt det andre som skjer i Jølster, som kultur, idrett, næringsliv og ikkje minst historier om folk og fe, vil halde fram som før.

– Vi ønskjer å vere lim og lupe og ein identitetsbyggjar i og for Gloppen og Jølster. For å gjere dette på ein best mogleg måte, er vi avhengige av nær kontakt med innbyggjarane. Ikkje ver redde for å ta kontakt om de har eit tips eller ei god historie på lager, eller om de ønskjer å kome med ris eller ros. Vi er interesserte i alle innspel som kan bidra til å gjere Firda Tidend til ei best mogleg lokalavis for glopparar og jølstringar, heime og ute, understrekar Gloppestad.

– Eg flyttar etter

Hallstein Dvergsdal har i fleire år hatt hovudansvaret for å dekke Jølster for Firda Tidend. Dette er eit ansvar han framleis skal ha.

– Når det gjeld dekninga av politiske saker som vedkjem Jølster etter nyttår, kjem vi til å følgje med på same måte som tidlegare. Det blir nok ein del turar til rådhuset i Førde både på kommunestyre, formannskap og utvalsmøte, seier han.

Dette har han allereie formidla til dei folkevalde.

– Eg sa til ein av politikarane frå Jølster nyleg, at når kommunestyret flyttar, så flyttar eg etter. Politikarane blir nok ikkje kvitt Firda Tidend om dei flyttar til Førde. Jølster og jølstringane eksisterer som før, og vi skal syte føre at dei får vite kva som skjer både i politikken og elles, lovar Dvergsdal.

Journalistar frå Jølster

Aadne Gloppestad fortel at det for tida ikkje er mindre enn tre jølstringar knytte til redaksjonen med hovudsete på Sandane.

– Tre av fire journalistar er per i dag busette i Jølster. Ein i Stardalen, ein på sørsida og ein i nedre del av bygda. Dette gjev oss eit godt utgangspunkt for å plukke opp saker og dekke heile Jølster på ein god måte, seier han og er sterk i trua på at Firda Tidend vil behalde posisjonen sin i indre Sunnfjord.