– Set påskeferien i Gloppen på vent

Mange utflytte glopparar har tradisjon for å reise heim til Gloppen i påska. – Slik situasjonen er no, vil eg oppmode desse om å setje påskeferien på vent, seier ordførar Leidulf Gloppestad.

Smittestatusen i Gloppen er som følgjer: 74 personar er testa. Éin person har testa positivt for Covid-19, kommunen har motteke 71 negative prøvesvar og ventar svar på to prøver.

– Må ta det med ro

Ordførar Leidulf Gloppestad er leiar for krisestaben i kommunen som har jamlege møte kvar morgon.

– No nærmar det seg påskeferie, og vi vil oppmode folk innstendig om å ta det med ro og ikkje reise meir enn nødvendig – både for eigen og andre sin del. Også i påska blir det viktig å redusere smittepresset og risikoen for å smitte andre. Det er lagt ned forbod for hytteeigarar å opphalde seg på hytta viss ho ligg i ein annan kommune enn den du bur i. Det er svært fornuftig, meiner Leidulf Gloppestad.

Helsedirektoratet har skjerpa tilrådingane om å halde avstand.

– Når vi er ute, bør vi ikkje vere meir enn fem personar i same gruppe. Det gjeld vel å merke ikkje dei som er i same familie eller husstand. Når vi er inne, til dømes på arbeidsplassen, bør vi ha minst to meters avstand til kvarandre. I det offentlege rom bør vi halde minst éin meters avstand til andre menneske. Dette må vi respektere også når det er påskeferie, opplyser ordføraren.

– Utset reisa

Gloppestad ber dei som vanlegvis brukar å feire påske i Gloppen om å utsetje reisa.

– Det vil representere ein ikkje heilt uvesentleg smitterisiko viss det kjem mykje folk heim att på påskeferie. Det er kjekt både å ha påskegjester og å kunne reise på ferie, men i den situasjonen vi er i no, må vi tenkje oss om. Dei som tek imot påskegjester er gjerne i risikogruppa berre på grunn av alder. Det er ikkje verdt å ta risikoen. No er det viktig å halde fokus. Difor vil eg be folk om å vise omsyn og vente til vi får ein annan situasjon, understrekar han.

Fysisk aktivitet

Det er innført besøksforbod for alle som bur på omsorgssenteret og andre institusjonar i kommunen.

– Ikkje alle er like flinke til å overhalde besøksrestriksjonane på institusjonane våre. Eg vil minne om at dei er stengde for besøk, og oppmode pårørande om å finne andre måtar å kommunisere på – anten ved å bruke telefon, facetime eller video. I den samanheng vil vi prøve å ha nettbrett til utlån. Fysiske besøk gjeld berre i kritiske situasjonar. Ein kan ikkje berre møte opp, slår han fast.

Kommunen håpar heimeverande i risikogruppa syter for eiga helse ved å vere fysisk aktive.

– Det er viktig å halde seg i aktivitet dagleg, og det er ikkje farleg å ta seg ein tur ut av huset. Det er berre positivt. Det må ein ikkje gløyme. Eg vil oppmode innbyggjarane om å vere fysisk aktive, seier Gloppestad.