Set ned nettleiga

Etter at Sunnfjord Energi og BKK fusjonerte, kan nettkundane no glede seg over redusert nettleige frå og med 1. september 2019, skriv selskapet i ei pressemelding. 

Sunnfjord Energi Nett sender i desse dagar ut varsel til kundane om at tariffen vert justert. Dette er ein av dei positive konsekvensane av fusjonen mellom dei to selskapa, heiter det i meldinga.

- I forhandlingane med BKK har vi vore klare på at nettleiga skal justerast så fort som mogeleg etter eit fusjonsvedtak, og vi har førebudd oss godt på å få dette til allereie frå 1. september. BKK har vore imøtekomande heile vegen, og det er gledeleg at kundane våre no kan nyte godt av nær 70 millionar kroner i årleg nettleige-reduksjon, seier Arild Fleten, nettsjef i Sunnfjord Energi.

For ein vanleg husstand med normalt forbruk vil årleg nettleige verte redusert med om lag 4.500 kroner per år, og samla for alle kundane i Solund, Hyllestad, Fjaler, Gaular, Førde, Jølster og Naustdal vil nettleigereduksjonen utgjere nær 70 millionar kroner årleg, dvs. ei samla innsparing på om lag 30%.

- Vi vil gjere kundane merksame på at ein først vil sjå effekten av lågare nettleige på faktura som kjem i oktober månad, fordi nettleige vert fakturert på etterskot. Fakturaen vil for øvrig kome frå same avsendar som tidlegare, sjølv om vi no har fusjonert med BKK, seier Fleten.