Filip Pleym Mardal rundar målvakta til Jølster og scorar. Same mann la også på til 2-0

Sandane vann prestisjeoppgjeret - så vidt det var

Sandane overrumpla Jølster og scora to mål før det var gått ti minutt. I det 70. minutt reduserte Jølster og pressa på for utlikning, med Sandane rei stormen av, så vidt det var, og Jølster gjekk på årets første tap.

16. mai er tidspunktet for dei mange lokaloppgjer. I Sandane Idrettspark var tabelltopp og rival Jølster gjester. Det vart eit spennande, tett og dramatisk oppgjer der heimelaget overrumpla Jølster med to kjappe mål. Alt etter eitt og eit halvt minutt spurta Filip Pleym Mardal gjennom på ein stikkar frå Abraham Johnny, runda Jølster-målvakt Erik Magne Bolset, og scora sikkert.

Veteran

Berre åtte minutt seinare la Filip på til 2-0, også denne gongen etter framspel frå Abraham. Utover i omgangen kom Jølster til hektene og var meir med, men utan å skape dei store sjansane.

I andre omgang entra veteranen Gestur Arnar Gylfason bana. Han runda 50 år i januar, og heldt omgangen ut. Sjølv tykte han det gjekk greitt, noko det også gjorde der han spelte i midtforsvaret til Jølster.

Pressa på

Sandane hadde ballen mykje og spelte mykje på tvers i det bakarste leddet, men etter kvart som initiativa frå midtbana og i angrepet vart færre, kom feilpasningane og Jølster kom meir og meir inn i kampen. Det vart mange dødballar framfor Sandane sitt mål. På ein av dei redda Sandane på streken. Om lag femten minutt før slutt vart Jølster-kaptein Bård Sandnes utvist etter å ha fått sitt andre gule kort.

-Då vart det vanskeleg for oss, men det var ikkje årsak til tapet, sa trenar Andre Heggheim etter kampen. Han vedgår at Jølster vart tatt på senga og likte dårleg å tape årets tøffaste oppgjer. No lovar han revansje.



Svært ungt lag 

Sandane-trenar Magne Larsen rosar det svært unge mannskapet for innsatsen.

- Vi har ein fantastisk gjeng med svært god lagmoral, seier han og meiner det var ein god siger å ta med vidare. Han var tilfreds med mykje av gjennomføringa av kampen, men ikkje siste del då Jølster pressa på.

-Vi vart for utolmodige i oppspelfasen og fekk for mange brot mot oss, oppsummerer han. Lagkaptein Erik Rauset jubla for dei tre poenga.

-Det var utruleg kjekt å vinne, og ekstra kjekt sidan det var lokaloppgjer mot Jølster, smiler han.

Arkivfoto.