Sa nei til dispensasjon





Multek-utvalet vedtok torsdag samrøystes å avslå dispensasjonssøknaden frå Olav Hjelmeset AS. Dermed får ikkje verksemda byggje lagerbåsar tre meter inne på arealet som er regulert til vegetasjonsskjerm i Mona.





Gloppen kommune har motteke søknad frå Olav Hjelmeset AS om
dispensasjon frå plan- og bygningslova for oppføring av lagerbåsar nærare
nabogrensa enn fire meter. I tillegg har verksemda søkt om dispensasjon frå
føremålet i reguleringsplanen.





– Flyttar støygrensa





Då saka vart handsama i Multek-utvalet torsdag, gjekk Audun
Mundal (KrF) ifrå som ugild. Han er tilsett i verksemda, og står bak søknaden som
er sendt til kommunen.





Marièl Eikeset Koren (MDG) varsla at ho ville røyste imot rådmannen si tilråding.





– Til no har kommunen gjort svært lite med planane for Eidegarden, men eg meiner vi likevel må unngå å leggje bygningar så lett inntil kulturminneparken. Difor vil eg imøtekome ønsket frå både naboar og sogelaget om å oppretthalde vegetasjonsskjermen, sa ho.





Ifølgje Kent Øystein Hjelle (Sp) burde verksemda kunne plassere lagerbåsane annleis og likevel få til ei god utnytting av det arealet dei har i Mona.





– Når vi i tillegg veit at verksemda har tilgang til areal i Eidsmona, tykkjer eg ikkje at dei kan klage på at dei har for lite plass til aktiviteten sin. Då går det meir på korleis dei organiserer seg. Eg er også opptatt av at ein vil flytte støygrensa om vi imøtekjem søknaden. Det er ikkje greitt, kommenterte han.    





Støyvoll eller lévegg





Solveig Lien Gusdal (Sp) viste til forhistoria til
vegetasjonsskjermen. Ansvaret for å opparbeide og halde ved like
vegetasjonsskjermen er lagt til industriområdet.





– Det er gjeve opning for å lage ein støyvoll i tillegg til vegetasjon, og det er gjeve opning for ein lévegg. Rådmannen går inn for å gje dispensasjon. Eg meiner at lagerbåsane ikkje kan byggjast inne i vegetasjonsskjermen. Som politikar har eg også ansvar for å ivareta kulturminnet, og her har det førsteprioritet, sa ho.





Edgar Kvernevik (SD) støtta synet hennar.





– Funna i kulturminnemarken stammer frå 400-550 e.Kr. Det er så pass spesielt at det har vekt interesse langt nedover i Europa. Dette er ei sak som ikkje berre har nasjonal interesse, men europeisk interesse. Det vil vere svært dumt å stikke kjeppar i hjula for noko som har så stor verdi. Planane for Eidegarden bør gripast tak i, og eg meiner administrasjonen bør setje av ressursar til å få tak i statlege midlar, sa han.





Kommunestyret har tidlegare vedteke at Eidegarden skal rekonstruerast.