Dei fem som overvintra i Russehola vinteren 1944-45. F.v. Philip, Jakob, Alex Krag, Nikolaj og Andrej. Dei hadde radio i hola, noko som letta på tilværet og gjorde at dei kunne følgje med på hendingane ute i verda.

Russehola – eit spesielt krigsminne

Russehola på sørsida av Gloppefjorden, der fire russiske krigsfangar heldt seg løynde for den tyske okkupasjonsmakta vinteren 1944/1945, er eit krigsminne utanom det vanlege.

Vi skrur tida tilbake til sommaren 1943 og starten på historia om fangeleiren på Sandane. I juni det året flytte kring 25 russiske krigsfangar inn i dei gamle husa på Aabakken i det som no heiter Øvrevegen like utanfor sentrum.

Dristig innsats

Det vart sett opp to rader med piggtråd rundt eigedomen, og rett over vegen, i bustadhuset til urmakar Gloppestad, flytte dei tyske fangevaktarane inn. Dei russiske fangane arbeidde i ulike lager kring på Sandane, og var også med på å byggje tre store potetkjellarar i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ut på sommaren 1944 tok det til å gå eit rykte mellom fangane om at dei skulle sendast til Tyskland. Seks av dei bestemte seg då for å rømme frå leiren kvelden før dei skulle reise. Dei kraup under piggtrådgjerdet og inn i nabohagen. Etter å kryssa vegen, møtte dei på ein ung gut som sette i eit hyl. Dette førte til at to av blei skremde og returnerte til leiren. Dei fire andre, Nikolaj, Jakob, Philip og Andrej sprang vidare oppover skogen mot Fjellbygda.

Undervegs kom dei frå kvarandre. Takka vere dristig innsats frå lokale hjelpesmenn, var dei fire 18 dagar seinare samla i ei hole, Russehola i Sandsstranda. Der overvintra dei saman med norskrussaren Alex Krag, som etter ein uheldig episode hadde måtta gje frå seg passet sitt til dei tyske okkupantane.

Overvintrarane ved inngangen til hola i mai 1945.

Vanskeleg og farleg arbeid

Russehola blei laga til under ein heller og var naturleg delt i to rom av ein fjellskolt som stakk fram. I den eine delen var det opphaldsrom, i den andre liggjeplassar. Det blei sett inn vedomn, men om dagen måtte ein vere varsam med å fyre, så ikkje røyken skulle røpe gøymestaden.

Hola gav godt vern mot vinterkulda, det var verre når det var mildt og fuktig. Då rann gjerne væta inn i rommet, og ein måtte bruke papp for å verne dei mest utsette stadane, som t.d. soveplassane.

I ei tid med rasjonering på det meste, kunne det vere utfordrande å skaffe mat til rømlingane, men dei gode hjelparane sytte for at dei til ei kvar tid hadde det dei trong av føde. Dette var eit vanskeleg og farleg arbeid, der risikoen for å bli oppdaga alltid var til stades. Ein kunne heller ikkje vere så nøye på metodane. Skulle ein berge livet til dei i hola, måtte ein òg forsyne seg av ting ein ikkje hadde lov til. Men alt vart ført opp og gjort opp for etter krigen.

Skodespel

Utover vinteren vart russarane meir og meir urolege, det tok nok på å leve så tett innpå kvarandre under kummerlege forhold over så lang tid. Dei forstod også at hjelpesmennene i bygda sleit fælt for å halde dei med kost.

Dei kom på tankar om å oppsøkje dei velfylte tyske lagera på Sandane. Dette kunne ha enda med katastrofe. Vart dei oppdaga, og det var sjansane store for, kunne heile saka ha blitt rulla opp med stor fare for kraftige tyske represaliar både mot dei som var innblanda og kanskje heile bygdelaget.

Hjelparane sette i scene eit lite skodespel med alvorleg undertone. Fangane vart fortalde at hjelpesmennene tok store sjansar og var i livsfare, det var dødsstraff for å hjelpe fangar til å rømme. Dersom ikkje fangane i eitt og alt lydde norskrussaren som budde saman med dei, kom ein av dei til å bli skoten til skrekk og åtvaring. Dette hjelpte, og russarane slo seg til ro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rømlingane og dei fleste av hjelpesmennene deira samla i atelieret til den lokale fotografen etter at freden var eit faktum.

Livsteikn etter 71 år

Då freden var eit faktum 8. mai 1945, vart dei fire rømde fangane og Alex Krag henta ned til bygda. Der vart dei varmt mottekne, og dei var med på 17. mai-feiringa på Sandane. I byrjinga av juni tok dei til på den lange reisa heim til Sovjetunionen.

Lenge trudde ein at dei hadde fått ein tragisk lagnad i det Stalin-styrte heimlandet etter returen, men i 2016, 71 år seinare, kom det livsteikn frå ein av fangane. Ein russisk journalist kom i kontakt med Nikolaj Tsjitsjulin i byen Kemerovo i Sibir, der han budde. Gjennom lokalavisa i Gloppen sende han helsing og takk til det norske folket for hjelpa han fekk. Då var alle hjelparane dessverre borte.

Etter 71 år utan livsteikn frå russarane som budde i Russehola, møtte ein journalist ein av dei, Nikolaj Tsjitsjulin (97), i Sibir i 2016. Nikolaj helsa og takka det norske folket for hjelpa under krigen.

Historia om Russehola er eit framifrå døme på innsats og offervilje, på vågemot og djervskap av bygda sine eigne for å redde livet til fire menneske dei knapt kjende.

I seinare år er Russehola restaurert og gjort tilgjengeleg for publikum. Dei som vil vitje dette spesielle krigsminnet, må følgje Fv 615 frå Sandane i retning Hestenesøyra. Ein tek av til Rauset, og køyrer vidare til Sandsstøylen. Derifrå er det ein halvtime til fots på rås gjennom skogen til hola med den heilt spesielle historia.