Full konsentrasjon: Nora Solheim Hjelle er stødig på handa når nissen skal få knappane på.

– Nissedamer kan òg ha skjegg

For å rydde plass til kos og ro i desember, startar juleførebuinga i barnehagane tidleg. Vi sneik oss med då fireåringane hos avdeling Eggenipa i Breim barnehage starta julepyntverkstaden med stubbenissar.

Sola ligg lågt og skrapar overflata på Breimsvatnet denne novembermorgonen, medan kuldegradene produserer frostrøyk på leikeplassen i barnehagen på Reed.

Inne på avdeling Eggenipa er det ikkje alle som har kome heilt i julestemning enno, men når det blir snakk om nisselaging inne på kjøkenet, er dei ikkje vanskelege å be.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raud filt og kvit vatt, kaldt ute og varmt og godt inne, skulelim på fingrane og tunga i munnvika. Alle ingrediensane var på plass då bjørkestubbar vart til nissar i Breim barnehage.

Skråskorne bjørkestubbar ventar med undertrykt spenning på ivrige barnehender.
Barnehagelærar Oddveig Seime Bø viser fram årgangsnissane ho brukar å pynte med heime, til inspirasjon.
Nora og Sandra finn uttrykket raskt.
– Langt eller kort skjerf, spør pedagogisk leiar Inger-Margrethe Sørland. – Akkurat passeleg, svarar dei fem.
Grått eller kvitt skjegg? Trolleskjegg? Eller skjegg i det heile? Kan nissedamer ha skjegg? Kan jenter ha skjegg? – Ja, er konsensusen rundt bordet.
Ingenting seier jul som raude filthjarte.
– Mi nissedame skal ha masse skjegg! Både framme og bak, konstaterer Vilde med eit gledeshyl.
Stubben til Sandra byrjar å likne på ein nisse.
Ikkje alt vil henge med skulelim, så Oddveig hjelper til med limpistolen.
– No vil eg gå og leike, smilte Varg som laga nisse i racerfart, og fekk hjelp til siste handa på verket.
Fin gjeng: Med kvar si unike personlegheit er nissane klare til å «rule» i jula. Men først skal dei få pynte litt opp i glaskarmen på Eggenipa.
– Sjå kor fine dei vart! Hedda Bergheim (t.v.), Tilde Aardal Gloppholm, Sandra Eide Kleppe, Nora Solheim Hjelle og Varg Veien Myklebust var svært fornøgde med dei ferdige nissane sine.
Kven som skulle få nissane var dei ikkje heilt sikre på. – Kanskje Besta? Eller så skal vi ha dei sjølve, konstaterte Nora og Hedda. Litt stresstesting og kvalitetssikring må uansett til.