Sokneprest Tore Myklebust har teke initiativ til å gjenopne råsa frå Råd til Råda-/Seimestøylen.

Har lagt ned ein flott innsats for å gjenopne stølsråsa

Sokneprest Tore Myklebust har engasjert seg for å få gjenopna råsa til Råda-/Seimestøylen etter at uvêret Dagmar la ned ein heil del skog i 2011 og gjorde ho uframkomeleg. Laurdag var han med som turleiar då trimgruppa til Breimsbygda IL inviterte til støls.

Tore Myklebust kom flyttande til Gloppen i 2013.

Ved masta på Råd startar råsa til Råda-/Seimestøylen. Ho er 4 km lang, og turen tek kring to timar. Laurdag gjekk turfølgjet frå fjordhestgarden.

Avmerka på turkartet

– Ifølgje turkartet skulle det gå ei rås frå Råd. På tur opp i området oppdaga eg raskt at råsa var øydelagd av uvêret nokre år før. I 2014 begynte eg på ryddearbeidet for å gjere det framkomeleg. Då fjerna eg ein heil del greiner på tre som låg nede, fortel han.

Soknepresten har hatt med seg fleire på ryddearbeidet i det bratte terrenget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jostein Moldestad har bidrege med motorsag der det har vore naudsynt. Då har eg vore med som ryddegut. Odd Raad har vore med for å vise kvar råsa gjekk. Arvid Jordanger har vore med og merka råsa, medan Bjarne Bø har merka råsa til Bø, opplyser Myklebust.

Litt oppe i terrenget kjem Bøaråsa inn på Rådaråsa.

– Kva er bakgrunnen for at du har vore så ivrig på å gjenopne denne stølsråsa?

– Eg tykkjer det er kjekt at det er råd å gå dei råsene som ein finn på kartet. Og så må eg seie at stølen her oppe er veldig flott. Eg har gått råsa frå Seime fleire gonger. Der er det også veldig greitt å gå, peikar han på.

Turen oppover er relativt bratt.

Er blitt ein hobby

Tore Prest er glad i å gå på tur. Hetlestøylen og Kålsstøylen er lett tilgjengelege turmål for han som bur i Hovden bustadfelt.

– Turgåing begynte eg med nokre år før eg flytta frå Svelgen. Også der heldt eg på med litt tilrettelegging av stiar. Det er ein hobby eg har drive med i nokre år, seier han.

På folkemunne blir no gjerne råsa frå Råd til Råda-/Seimestøylen kalla presteråsa.

– Kva tenkjer du om det?

– Det er ikkje om å gjere for meg. Eg finn meg i det, men det er ikkje min idé, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trefall gjorde råsa uframkomeleg, men no er ho rydda.

– Ein kjempetur

Éin av dei som var med i turfølgjet på laurdag var Norunn Nybø.

– Eg har vore mange gonger på Råda-/Seimestøylen, men eg har aldri gått anna enn frå Årdalsstøylen. Eg har ikkje gått opp frå Råd før. I heile sommar har eg tenkt på det, for eg høyrde at råsa var rydda. Då trimgruppa inviterte til tur, nytta eg sjansen til å vere med, seier ho.

– Kva tenkjer du om turen?

– Eg tykkjer det har vore ein kjempetur, med flott utsikt over bygda medan ein går. Det er utruleg flott at Tore har teke initiativ til å rydde denne råsa. Eg håpar mange har lyst til å bruke ho framover, slik at vi får ei god rås. Siste delen bør kanskje merkast litt betre, sjølv om ein ser stølen lenger framme, held ho fram.

På veg oppover får ein flott utsikt over bygda.

– Gjev påfyll av energi

Nybø går mykje i fjellet, ikkje kvar einaste dag, men så ofte ho kan.

– Eg tykkjer det er fantastisk fint å kome seg ut. Det gjev påfyll av energi. Eg går anten åleine eller i lag med andre, gjerne til stølen vår - Hetlestøylen. Det er eit flott utgangspunkt for å gå vidare til Tistamskaret, Grønskreda, Dunheia og Blånibba, smiler ho.

Ho tykkjer der er flott at trimgruppa i BBIL skipar til slike fellesturar.

– Eg trur det er mange med meg som har lyst til å gå på nye plassar, men ein går gjerne der ein er kjende frå før. Det er tryggast, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire fellesturar

Sabine Exner er med i trimgruppa til Breimsbygda IL.

– Årleg skipar vi til fleire trimturar og ein dagstur. Desse turane er opne for alle. I morgon inviterer vi til tur til Trollebotnen. Det er den lengste turen i år, men dagens tur til Råda-/Seimestøylen vart også ganske lang, peikar ho på.

Sabine Exner hadde invitert med seg to kollegaer frå Firda vidaregåande skule, Johnmary Tusingwire og Ayebazibwe Ronald frå Uganda. Dei skal vere i Gloppen i eitt år.

Så glad blei ho då ho fekk vite at Tore Prest hadde bidrege til rydding av stølsråsa at ho ringde til han med ein gong og spurte om han ville vere med som kjentmann.

– Det er viktig at vi held slike kulturråser opne, seier ho, og vil samtidig slå eit slag for merking av turløyper for å gjere dei meir tilgjengelege for alle.

På grunn av koronaen kom trimgruppa litt seint i gang med fellesturane i år.

– I august gjekk turen til Sandalsfossen. Det er ei perle. At det vart to turar denne helga, er litt tilfeldig. Det passa slik for dei som skulle vere med som kjentfolk, seier Exner.

Ho legg til at trimgruppa også har ansvaret for Reinløpet og Fjelltrimmen.

Frå Råda-/Seimestøylen delte turfølgjet seg. Ei gruppe gjekk ned igjen til Seime. Den andre gjekk til Årdalsstøylen.

Krydder i kvardagen

Reidun Ask Flølo tykte turen til Råda-/Seimestøylen laurdag var utruleg fin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig kjekt å gå ei rås som eg ikkje har gått før. Slikt er med på å krydre kvardagen, seier ho, og legg til at det var fint å gå i lag med nokon som kan vise vegen.

Etter ein lang dag på jobb innandørs, gjer det godt å ta seg ein kveldstur til Hetlestøylen eller Kvilastøylen.

– Eg er også glad i gå på Støyvastøylen. I helgane har eg gjerne høve til å gå lengre turar. Då er det kjekt å gå på ein topptur. Høgdepunktet i år har vore ein tur på Skåla, peikar ho på.

Turgjengen samla på Råda-/Seimestøylen. Framme f.v.: Reidun Ask Flølo, Sofrid Paulen Egge, Berit Hage og Tore Myklebust. Bak f.v.: Norunn Nybø, Kjell Reed, Sabine Exner, Johnmary Tusingwire og Ayebazibwe Ronald.