Handelsmannen Hallvard Viken er blitt 80 år, men er framleis opptatt av å utvikle verksemda. – Eg ser framleis etter moglegheiter, og det er eit par plassar eg har i kikkerten der eg meiner vi burde vere, men det vil eg ikkje ut med enno, smiler han.

– Dukkar det opp ei sak som eg synest er viktig, så engasjerer eg meg

Det har blitt nokre kampar på Hallvard Viken i løpet av eit 80 år langt liv, både som handelsmann, politikar og privatperson.

– Eg har alltid hatt veldig interesse for at det skal skje noko her på Skei og i Jølster, det har vore motivasjonen min.

Den høgreiste mannen sit på loftet over souvenirbutikken Audhild Viken på Skei og freistar å oppsummere eit langt liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit liv der store delar har vore brukt på å bygge vidare på verksemda som mora Audhild Viken starta i 1954.

Far til Hallvard, Hans Viken var steinarbeidar, men vart arbeidsufør i 1953, og døydde i 1970, 67 år gamal. – Då hadde han hatt lungebetennelse om lag 40 gonger, seier Hallvard.

Eineforsørgjar

Far, Hans Viken, jobba som steinarbeidar og hadde i 1953 nettopp starta eige firma då han fekk hjernebløding og vart heilt arbeidsufør. Eldstemann Hallvard var berre ni år då den vesle familien på fire plutseleg måtte stole på at mor i huset skaffa seg inntekt.

I heimen hadde ho allereie ei lita vevstove der ho vov løparar og åkle. Audhild tok den interessa og lagde seg ein leveveg.

Starten vart ein koffert full av vareprøver som ho tok med seg til Bremanger for å ta opp bestillingar på løparar frå fiskarar med tjukke lommebøker.

Salet gjekk godt, og dama med vevstova måtte utvide meir og meir, både i salsomkrins og tal vevdamer.

– Ho hadde gode varer og var god å selje, seier Hallvard, tydeleg stolt.

På mamma Audhild sitt fang hos fotograf på Sandane.

I god skule

Heime på Skei var faren mykje sjuk, og ute av stand til å hjelpe til. Medan Audhild var på salsturné, fungerte eldstemann Hallvard på 10 godt som kontormann og bod. Med ei vogn full av varer vart det mange turar i posten på Skei hotell.

– Det var kjekt å ha det ansvaret, og eg trur eg greidde det fint, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt frukostbordet heime prata Audhild mykje om forretning og sal til Hallvard og broren Johan. Mora var ifølgje sonen aldri noko streng, men kjende på eit tydeleg ansvar for å ta vare på familien. Moglegheiter for inntening såg og tok ho der ho kunne.

– Vi hadde eit vedhus med kjellar som ho fekk bygd om, slik at det vart plass til utleige. Om sommaren kom det tre familiar frå Bergen og budde der, medan vi hadde grisar i kjellaren. På det meste hadde vi 56 grisar. Turistar oppe og grisar nede var ikkje heilt ideelt, men bergensarane reagerte ikkje, fordi det var jo «på landet» og ein del av opplevinga, smiler han.

Den spede start: Audhild (i blå kjole) starta handelskarrieren med å selje løparar og åkle langs E39 på Skei. I 1970 vart det sett opp ei lita salshytte.

Til Bergen

Hallvard hjelpte til i drifta der han kunne, men mora ville at han skulle få utdanning, noko ho sjølv ikkje hadde hatt høve til. Som 14-åring reiste han på realskulen på Sandane, med påfølgjande tre år på realfagslinja på Firda gymnas, før turen gjekk vidare til Bergen. Der tok han studentfagkurset i eitt år, og så følgde tre og eit halvt år på NHH.

Som ferdig utdanna 25-åring fekk han seg jobb som klassestyrar på den økonomiske linja på Lindås gymnas utanfor Bergen. I den klassen gjekk det ei 19 år gamal jente som heitte Eli Skodvin.

– Eg var ein ung mann og var ikkje heilt upåverka av den pene og kjekke jenta. Eg hugsar at ho ofte haika med meg heim frå skulen, i staden for å ta bussen, og vi vart betre og betre kjende.

To fluger i ein smekk

Læraren og studenten vart etter kvart eit par, og i juli 1972, ein månad etter at Eli var ferdig på gymnaset, var dei to rette ektefolk.

– Mamma tykte vel om svigerdottera, og då ho fekk høyre at vi skulle gifte oss heiv ho seg fort rundt, smiler han.

Flink å organisere som ho var, tenkte Audhild at det berre var praktisk med eit dobbeltbryllaup, sidan ho no hadde to søner med to kjekke kjærastar. Bror til Hallvard, Johan, fekk det plutseleg travelt med å fri til sin kjærast, Jorunn Gardshaug .

Artikkelen held fram under annonsen.

Bryllaupet stod i Helgheim kyrkje, og i samfunnshuset på Skei var det 400 menneske til bords.

– Eg og Johan hadde invitert nokre, medan mamma tok seg av resten, ler han.

– Det var to bordsete, og ikkje noko eg vil anbefale vidare til andre. Men det var ein veldig fin dag, og god stemning både hos mamma og gjestane, smiler han.

Eli og sønene Audun og Harald.

Tre søner

To år etter flytta det unge paret heim til Skei, med sønene Harald og Audun på lasset. Sistnemnde berre ei veke gamal.

I 1976 kom tredjemann Tore til verda. Men livet gir og livet tar.

Då yngstemann var to år vart han sjuk og diagnostisert med akutt lymfatisk leukemi.

– Prognosane vi fekk i starten var relativt gode, og det såg lenge bra ut. Men så fekk han tilbakefall, og då var det ikkje meir å gjere.

To år seinare døyde Tore heime i si eiga seng. Familien på fem var nok ein gong ein familie på fire.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei skal vere glade dei som slepp å oppleve noko slikt, seier Hallvard stille.

Sonen Tore heime i hagen på Skei.

Avgjerande rolle

Dei to eldste sønene voks opp og treivst på Skei, medan Hallvard og Eli begge jobba fullt, og vel så det, i familieverksemda.

– Korleis var det å jobbe så tett med kona si?

– Det var heilt uproblematisk, svarar han kontant.

Andletet lyser opp når samtalen dreiar inn på kona.

– Ho har vore med i drifta sidan vi flytta heim, og skal eg vere heilt ærleg så hadde vi ikkje vore der vi er i dag hadde det ikkje vore for Eli. Den innsatsen ho har lagt ned alle desse åra, er ein stor grunn til at Audhild Viken AS har hatt så stor suksess. Eli hadde ei heilt eiga evne til å kome i kontakt med kundane, og hadde god innsikt i kva slags varer som gjekk og ikkje.

Saman om alt: Eli og Hallvard på 17. mai for 7 år sidan.

Demens

Han fortel ivrig om alt kona engasjerte seg i etter at ho gjorde jølstring av seg.

– Ho var aktiv i dugnadsarbeidet i bygda nærast frå dag éin, mellom anna i skulemusikken, 4H og husmorlaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

For sju år sidan fekk Eli diagnosen demens, og flytta i vår inn på omsorgssenteret på Skei.

For Hallvard har det vore viktig at kona skulle få bu heime så lenge som mogleg, og ikkje minst få vere med i butikken som ho kjende så godt til. Nesten dagleg desse siste åra gjekk dei to hand i hand til og frå det raude huset langs E39.

– Ho har hatt stor glede av å vere i det pulserande miljøet som ein butikk er. Der Eli er no tar dei veldig godt vare på ho og viser stor omsorg, det er eg veldig takknemleg for, seier han.

Det er ikkje få turistbussar Hallvard har tatt i mot i si tid, og framleis står han klar når bussane svingar inn framfor butikken på Skei.

– Eineståande

Dei to som var saman om alt, bur no på kvar sin plass, og legg seg kvar kveld i kvar si seng.

Overgangen til å bu åleine i det store huset har vore hard.

– Eg merkar det sjølvsagt. Men likevel så tenker eg meir og meir på kor utruleg heldig eg har vore. Tenk å ha fått leve i lag med ei slik eineståande kone i alle desse åra, smiler han.

Han tar seg ei pustepause før han legg til:

– Vi fekk trass alt over 50 år i lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gründer

I dag går Hallvard framleis dagleg skritta bort til butikkdøra for å opne. På kontoret i andre etasje vitnar dei fulle hyllene om eit liv som har romma mykje. Avisartiklar og saksdokument, bilete og brev, alt er minner frå eit langt liv som handelsmann.

Sidan mora pakka kofferten full av løparar og åkle for å freiste fiskarane i Bremanger, har det skjedd mykje.

– Mamma var ein gründer i si tid. Ho starta utan eigenkapital, men fekk etter kvart eit lån med banken på 10 000 kroner for å ha driftskapital. Dei pengane var det ikkje alle i banken som var sikre på at dei fekk igjen, men ho fekk fort bevist at ho hadde noko å fare med. På eit tidspunkt hadde ho over 220 personar i heimearbeid, både i Jølster, Nordfjord og Sogn.

I gogna: Audhild Viken, som gjekk bort i 2000, var med i drifta nesten til det siste, og fekk med seg både opning av butikk på Bryggen i Bergen og utviding med julebutikk på Skei.

Familieverksemd

I dag er det barnebarna til Audhild, Harald og Audun, som styrer skuta, som høvesvis dagleg leiar og styremedlem i Audhild Viken AS.

Verksemda omsette i 2023 for over 125 millionar kroner, og er i 2024 kåra til Gasellebedrift med 350 prosent vekst dei tre siste åra.

Butikken på Skei er no del av ein stor familie med sju butikkar i Bergen, to i Stavanger, og butikkar i Geiranger, Ålesund, Dombås, Gardermoen og på Flesland. For berre nokre veker sidan opna dei òg butikk i Odda.

Men på flaggskipet i Jølster er det framleis Hallvard som er kaptein. Over 50 år etter at han tok over etter mora er han framleis handelsmann, både i tittel og virke.

– Eg er nok blitt litt meir makeleg med åra, smiler han.

– No gjer eg berre det eg har lyst til, og har god hjelp i butikken av Mirian Engen. Men det er eg som har kontakten med turoperatørane, og når det er fullt i butikken må alle mann på dekk, seier han.

Engasjementet

Engasjement og skaparvilje er gjerne noko ein forbind med yngre krefter, men for handelsmannen i den raude vevstova på Skei har det aldri vore noko val.

80-åringen har vore, og er, ein kontroversiell figur i lokalmiljøet. Han har engasjert seg for små og store saker i Jølster, både som kommunestyrepolitikar og som næringslivsaktør.

– Du er ikkje redd for å seie det du meiner?

– Nei, eg er ikkje det. Eg er veldig patriotisk, og har kjempa for saker som eg synest har vore viktige, det har eg alltid gjort. Det som har skjedd her på Skei av utvikling er stort sett på bakgrunn av innbyggarane sine eigne initiativ.

Skarp i kantane

– Ein kan påstå at når menn som har vore vane med makt kjem opp i ein viss alder, så har dei ein tendens til å briske seg litt. Er det det som skjer no?

– Nei, seier han og set bestemte auge i journalisten.

– Dukkar det opp ei sak som eg synest er viktig, så engasjerer eg meg. Eg tenker ikkje to sekund på at eg kanskje kan vere for gamal til det.

– Det har blitt ein del konfliktar opp i gjennom åra, og du kan oppfattast som litt skarp i kantane. Angrar du på noko?

– Nei, eg må vere så ærleg og seie at det gjer eg ikkje. Eg har prøvd å halde meg unna personangrep, og heller ha fokus på sak. Har ein ei god sak, så kan ein ikkje gje seg.

Stolt av

Og saker har det vore mange av.

Nokre av dei han er mest stolt over å ha fått vere med på er flyttinga av HV10 til Skei i 1989.

– Då stod det mellom Skei eller Nordfjordeid. Eg tok kontakt med fleire stortingsrepresentantar, mellom anna Ambjørg Sælthun i SP og Kjellbjørg Lunde i SV, og fekk dei med på at Skei var beste plassen. Dei sytte for at det vart fleirtal. Det er eg litt stolt av.

Å dra veksel på eit godt og breitt kontaktnett har vist seg å vere avgjerande for Viken, både i kjøpet av Skei hotell, utviding av Felleskjøpet på Skei, og no sist, endring av namnet på Skei storhall.

Motivert

Likevel har han gått på nokre smellar. Kampen mot riving av Vikenhuset og mot kommunesamanslåinga er noko som han framleis tenker på.

– Etter mi meining er rivinga av Vikenhuset ei kulturpolitisk katastrofe. Der hadde vi dei beste argumenta, men dessverre var det ikkje dei som vann fram, seier han.

Praten dreiar fort inn i saksdetaljar og 80-åringen viser eit imponerande detaljert minne over både saksgang, årstal og personar som var involvert.

– Mister du aldri motivasjonen?

– Nei, svarar han kontant.

– Eg er inne og sjekkar sala rundt i dei ulike butikkane mange gongar for dagen. Det er ein god del av tidsfordrivet mitt når det er stille i butikken. Så prøver eg å følgje med og halde meg oppdatert på det som skjer i verda så godt som eg kan. Eg ser på nyheitene kvar kveld, først NRK, så CNN, Al Jazeera, Sky News og BBC. Under det amerikanske valet sat eg oppe til fem på natta for å få med meg det siste.

Friskt blod

Stega til butikken kvar morgon, dei kjem han til å halde fram med.

– Det er fantastisk å få lov til å kome bort her og ta del i det pulserande butikklivet, eg kjem til å vere her så lenge eg synest det er kjekt. Eg trivst voldsomt godt i butikken, særleg om sommaren, då kokar det. Sommaren burde helst ha vore eit par månader lenger, seier handelsmannen.

Til sommarsesongen 2025 vil ein bli møtt av to generasjonar Viken i det raude huset langs E39.

– Barnebarnet mitt Elias på 13 år sende inn ein jobbsøknad om å få vere sommarhjelp her. Den vart innvilga på sparket, smiler han.