Camilla Aasen håpar at gjestene finn både julegåver og juleroa på Vingarden i desember.

Camilla inviterer til Juleopen Vingard

Vinbonde og gründer Camilla Aasen inviterer til Juleopen Vingard tre laurdagar i desember.

Langs Jølstravatnet, i bakkane over E39 i Årdalen, gøymer det seg eit aldri så lite vestlandsk vin-eventyr. Eller det vil seie, det gøymer seg ikkje så mykje lenger, for no står det eit stort, fint og offentleg skilt ved europavegen som viser veg til Vingarden på Jølst.

— Skiltet kom dessverre ikkje opp før i haust, det gjekk nok litt utover besøkstalet i sommar. Færre tok turen enn kva eg hadde rekna med. Men dei som kom, handla for meir, så budsjettet gjekk i balanse, seier Camilla Aasen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen blir til

Vinbonden har nett lagt bak seg den første heile driftssommaren på garden «Ystebakken», det nedlagde småbruket ho kjøpte i 2021.

Mykje hardt og målretta arbeid, både av vinbonden sjølv og familie og vener, er blitt lagt ned i eigedomen. Likevel er det ein del detaljar som står igjen før ho kan ta i bruk heile huset, og få garden dit ho vil.

Men det hindrar ikkje Aasen i å skape augeblikk og aktivitetar i tunet, og det siste året har det vore konsertar i både stove og løe, og vinsmaking, bokdag og jazzvorspiel.

Vinbonde på fulltid sidan 2021: — Når investorar går inn med pengar i mitt luftslott, må dei kunne forvente at eg ikkje brukar tida mi på noko anna.

Juleopen gard

No inviterer gründeren inn til Juleopen Vingard dei tre første laurdagane i desember. Dette er første jula ho er komen nokolunde i hus, og Aasen har difor lyst til å skape litt julekos for dei som vil kike innom.

— Eg har sett det føre meg ei stund, og det er eit stort spenn frå minimumsløysinga til den maksimale, fulle løysinga. Så eg må rett og slett sjå kvar eg rekk å lande mellom dei to, smiler ho.

Det ho håpar, er at folk kan kome, setje seg ned og ta ein pust i bakken i julestria. Det vil bli lett servering, og fleire lokale produkt i tillegg til hennar eigen fruktvin.

— Julesylta til Viljam frå Frøygard i Stardalen vil mellom anna vere til sals. Eg håpar og trur det vil bli ei fin førjulsstund, der ein kan finne roa, og gjerne gjere unna litt julegåvehandel i tillegg.

Garden kom med sin eigen, vakre julepynt.

Vinutsal

Utsalet i kjellaren er ope ein dag i veka, og vil òg vere ope under julelaurdagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der sel Aasen både alkoholhaldige og alkoholfrie vinar som er laga på råvarer som trivst på det ville og vakre Vestlandet, som rabarbra, rips og solbær. For å få lov til å selje varene her, må minst 1/3 av råvarene kome frå garden.

— Ein av vinane som var mest populær frå smakingane eg hadde i sommar, var ein eplebasert vin, med eple frå ein bonde i Sogndal. Den har eg dessverre ikkje lov til å selje her på garden.

Løysingsorientert

Kva gjer ein løysingsorientert gründer då? Jau, då tar ein med seg dei 60 epletrea som bonden frå Sogn likevel skulle ha vekk, og plantar dei ut i bakkane i Årdalen.

— Eg har ikkje heilt oversikta, men eg trur kanskje eg med det blir den største eplebonden i Jølster, seier ho.

For Camilla er det viktig å få til ting sjølv. Om noko er nytt og ukjent, kjøper ho seg ei bok for å lære meir om det.

— Det er mykje nytt å lære seg på YouTube, har eg høyrt?

— Ja, det kan godt hende, men eg er ikkje heilt der. Eg kjøper bøker, eg likar å lese meg til ting.

— Gjevande

Men ikkje alle løysingar finst i ei bok. Noko må ein lære seg via den gode, gamle prøve- og feile-metoden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg driv og prøver meg litt fram på kva som fungerer, og kva som er gjevande, anten fordi det er kjekt å drive med eller fordi det kastar av seg økonomisk.

Balansegangen mellom desse to jobbar ho stadig med, og prøver å ikkje alltid fokusere på om ting løner seg.

— Nokre ting kjem eg til å gjere rett og slett fordi det er koseleg og triveleg. Men sjølvsagt, eg er òg avhengig av ei tydeleg oppslutning på arrangementa mine, smiler ho.

Å sjå verdien i det som er rundt henne er ein stor del av filosofien til Camilla, anten det er råvarene til vestavinen eller julepynten som låg igjen i huset. — Eg er ikkje noko interiørdesign-interessert, og då blir det litt ymse gammalt, både av julepynt og gamle broderte dukar. Men det har sin sjarm, og det kjennest rett å bruke det som er her.

Kva som er mogleg

Integritet er viktig for Aasen, at ho kan stå inne for både det endelege produktet og vegen fram dit.

— Heile Vestavin botnar i ei nysgjerrigheit knytt til kva som er mogleg å få til med lokale ressursar.

Å sjå verdi i det som allereie ligg der, er kongstanken og famnar breiare enn berre dei lokale ingrediensane som går i vinen.

Gardinene i stova, dukane på borda, benkane frå bedehuset, kaffiserviset på kjøkenet eller den gamle og skjøre julepynten; alt er gjenbruk og henta lokalt.

— Det er ikkje slik at eg har laga ein regel for meg sjølv, at det alltid må vere slik, men om ein kan få det til, kvifor ikkje?

Artikkelen held fram under annonsen.

Den riktige måten

Slik som då ho starta med eit forskingsprosjekt på bøen.

— Det er eit prosjekt med nyplanting av rabarbra med ulike jorddekke i samarbeid med NORSØK og NIBIO, med midlar frå Vestland fylkeskommune. For å sjå kva praksis som er den beste for nyplanting, etter agro-økologiske prinsipp.

Den første rabarbraen ho planta ut dekka ho til med plast, men det kjendest ikkje heilt rett.

— Det held vekk ugraset, ja, men den flerrar seg opp og ein vil aldri få vekk alle trådane frå naturen. Så då kjende eg at nei, dette vil eg ikkje.

— Når eg først skal gjere noko må det kjennest godt, eg må gjere det på ein måte som eg kjenner er riktig.

Fem år med Vestavin

Til sommaren er det fem år sidan ho starta opp Vestavin.

— Er du komen dit du ville kome på desse fem åra?

— Eg er utolmodig av meg som person, så eg har lett for å føle at eg ligg bakpå i forhold til det som er det ideelle. På same tid er fem år ikkje mykje, og eg er stolt over kva eg har fått til på desse åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Men eg ønskjer å kome dit at Vestavin har fleire heilårstilsette, og ikkje krinsar eine og åleine rundt meg. At det er ei bedrift som står seg sjølv.

Utsalet i kjellaren er ope kvar torsdag, der fruktvin både med og utan alkohol er for sal.