Både bergensarar og andre vestlendingar har i november i år hatt mykje mindre bruk for paraply enn dei vanlegvis har på denne tida. Foto: Erik Johansen/NTB scanpix/NPK.

Rekordtørr november på Vestlandet

Ikkje på over hundre år har det vore målt mindre nedbør på Vestlandet i november enn så langt år.


– No trur eg vestlendingane saknar nedbøren, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl til NRK.


I år er det nemleg austlendingane som har hatt det våtaste novembervêret, medan mange vestlendingar har hatt unormalt tørt vêr. Ved fleire vêrstasjonar sør for Stad kan gamle tørkerekordar denne novembermånaden bli historie, fortel NRK og Firda.


Botnane i Førde toppar statikken. Her ligg det ifølgje Firda an til å bli den tørraste novembermånaden på 119 år. Per 25. november var det her målt 16,3 millimeter regn, noko som er 384 millimeter mindre enn på same tid i fjor.


Også Bergen kjem høgt opp på statistikken. Byen kan ifølgje Bergens Tidende få den tørraste novembermånaden på 98 år. Meteorolog Oddlaug Nesse ved Vêrvarslinga på Vestlandet seier til avisa at det er venta 2–3 millimeter regn i Bergen før månadsskiftet. Men dersom vinden ligg mykje nord, bør det liggje an til rekord, meiner meteorologen.


Ho vil likevel ikkje sjå bort frå at det kan kome meir regn enn det som er venta før månaden er omme. (©NPK)