Fredag kunne Kjell Myklebust hauste årets første jordbær

Rekordtidlege jordbær

Fredag kunne Kjell Myklebust i Breim hauste årets første jordbær. Det er ein månad tidlegare enn normalt og solid ny rekord når det gjeld tidleg hausting



Den gamle rekorden er frå slutten av juni og når det gjeld seine år, så har Myklebust opplevd å måtte vente til byrjinga av august med å plukke.

Først i Gloppen

Bæra til Kjell Myklebust er dei første i Gloppen, noko som er litt spesielt. Han hadde eigentleg ikkje rekna med plukking før over helga, men oppdaga fredag at her var det berre å starte opp. Grunnen til dei tidlege bæra, forklarar Myklebust med at han la på kvit fiberduk tidleg i vår, og hadde duken liggande på fram til blomstring.

-Det gjorde nok to veker, meiner Myklebust som sjølvsagt tykkjer det er stas å ha dei aller første bæra i Gloppen.

Mykje tillaga

Når det gjeld utsiktene til avling, så er dei gode, men Myklebust vil helst skru ned termostaten når det gjeld varme.

-Her er veldig mykje tillaga, men varmen kan gjere til at det blir mykje smått. Då blir det tytebær i staden for jordbær. Vi må ha skugge og lågare temperatur no, seier jordbærdyrkaren som leverte dei første bæra til Coop på Byrkjelo og Bakarjon.

-Å få dei første bæra i Gloppen hadde eg ikkje drøymt om, men det er kjekt smiler Myklebust som får travle dveker framover når 30 da med raude, søte bær skal haustast.



 

Kvaliteten på årets første jordbær i Gloppen er det ingen ting å seie på