Home   >   Nyhende   >   Rekordstort jordbærsal

Illustrasjonsfoto: Andres Malm/NPK.

Rekordstort jordbærsal

Sommaren starta tidleg i år, og dermed sørgjer ein uvanleg tidleg jordbærsesong for at jordbærsalet no skyt i vêret.

– Det fine vêret har ført til at den norske jordbærsesongen har starta litt tidlegare i år. Rema 1000 har hittil i år meir enn tredobla salet av norske jordbær, og vi held fram å gjere alt vi kan for at kundane våre skal finne søte, norske jordbær i alle butikkane, seier kommunikasjonssjef Ann-Kristin Pettersen i Rema 1000 til Nationen.

Ifølgje kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen, er det selt over 1.000 tonn med jordbær så langt i 2018. Det er dobbelt så mykje som på same tid i fjor.

Den sterke varmen og tørken i Sør-Noreg fører rett nok til at jordbærsesongen i år snart er over.

– Vi ventar at sesongen blir avslutta tidlegare enn i fjor, men at vi kanskje vil få ein auke på 20 prosent i volum når sesongen blir gjort opp – det er likevel avhengig av vêr og vind, seier Søyland. (©NPK)