Det er færre som vel kyrkeleg konfirmasjon. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Rekordfå vel kyrkjeleg konfirmasjon

Berre 56 prosent av norske 15-åringar valde konfirmasjon i kyrkja i 2018. Det er den lågaste delen registrert av SSB.


Då målingane starta i 2001, valde 68 prosent av 15-åringane kyrkjekonfirmasjon.


Samtidig skyt delen humanistiske konfirmasjonar i vêret. I 2018 vart 19 prosent av 15-åringane konfirmert i Human-Etisk Forbund, og ny rekord blir venta i 2019.


– Dei siste ti åra har delen som konfirmerer seg i Den norske kyrkja, sokke jamt og trutt. Særleg sidan 2011 ser vi ein bratt nedgang i delen som vel kyrkjekonfirmasjon, seier Øyvind Bolsgård, seniorrådgivar i seksjon for utdannings- og kulturstatistikk i SSB.


Tala er del av ein større trend rundt kyrkjedeltakinga. Fleire melder seg òg ut av kyrkja, færre går i gudsteneste og færre blir døypte og giftar seg i kyrkja.


I fjor var det for første gong fleire som gifta seg borgarleg enn kyrkjeleg, og medan 73,9 prosent av alle fødde barn vart døypte i 2006, hadde delen dalt til 51 prosent i 2018.


Sogn og Fjordane er fylket med høgast del kyrkjekonfirmantar, med heile 82 prosent. Nabofylket Møre og Romsdal følgjer på andreplass med 74 prosent, og Oppland er fylket med tredje størst del – 69 prosent.


Lågast del kyrkjekonfirmantar er det i Oslo, der berre 27 prosent av 15-åringane vart konfirmerte i kyrkja i fjor. (©NPK)