Heim   >   Nyhende   >   Redd trekkfuglar i åkeren med enkle grep

Mange fuglereir vert øydelagde av slåmaskiner. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

Redd trekkfuglar i åkeren med enkle grep

Mange fugleartar i jordbrukslandskapet er i vanskar, og fleire bestandar har gått kraftig tilbake. Men det er visstnok mogleg å snu trenden.

Bestandsutvikling og utbreiing for kulturlandskapsfuglar er ein indikasjon på om jordbruket er berekraftig, fortel Nibio på nettsidene sine.

Europa har mista meir enn 420 millionar hekkefuglar dei siste tretti åra, ifølgje Norsk Ornitologisk Forening. Det er særleg vanskeleg for mange av artane som lever i jordbrukslandskapet.

– Vi ser mange av dei same trendane i prosjektet «Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap», fortel forskar Christian Pedersen i Norsk institutt for bioøkonomi i ein artikkel på nettstaden.

Dataa viser tilbakegang for artar som gulsporv, songlerke, storspove, vipe og buskskvett.

Reirmarkering og lerkeruter

Mange bakkehekkende fuglar i jordbrukslandskapet får reira øydelagde av slåmaskiner, men problemet kan reduserast ved relativt enkle grep.

– Det er mogleg å oppdage vipa når ho slår seg ned i åkeren. Mange bønder er flinke til å følgje med, dei markerer vipereir og unngår å slå rundt reira. Om mogleg kan ein utsette slåtten til egga har klekt og fugleungane har forlate reiret.

I fleire europeiske land har ein byrja å etablere såkalla «lerkeruter». Dette er små flekkar i kornåkeren som ikkje blir sådd. Her kan songlerka byggje reir og finne næring utan å bli forstyrra av landbruksmaskiner. Dette har vist seg å vere eit svært effektivt tiltak.

Rotasjonsdrift og dammar

Både fuglar og insekt har behov for areal som er periodevis ute av drift. Pedersen meiner ein må få til ei form for rotasjonsdrift der det heile tida finst nærliggjande areal som fuglane, til dømes vipa, kan søke tilflukt i, eller flytte ungane til.

Eit anna viktig tiltak er etablering av små dammar i jordbrukslandskapet. Dette er viktige økosystem når det gjeld karbonlagring, men dei bidrar også i stor grad til auka biologisk mangfald, både når det gjeld fugl og insekt, men også amfibium og andre artsgrupper. (©NPK)