Vindkraft blir om tretti år den nest viktigaste energikjelda etter solenergi, ifølgje ein ny rapport. Illustrasjonsfoto: Jan Kåre Ness/NTB scanpix.

Rapport: Verda kan bli utsleppsfri innan 2050

Verda kan kome heilt over på fornybare energikjelder innan 2050, ifølgje ein finsk-tysk klimarapport.


– Ein global overgang til 100 prosent fornybar energi på tvers av alle sektorar – kraft, varme, transport og vassavsalting – er oppnåeleg innan 2050, slår rapporten«Global Energy System based on 100 % Renewable Energy» fast, ifølgje nettmagasinet til Norsk klimastiftelseEnergi og klima.


Det er klimaøkonomar ved Lappeenranta – Lahti University of Technology (LUT) i Finland og den tyske tankesmia Energy Watch Group som i rapporten har prøvd å beskrive den mest kostnadseffektive måten å gjere all energiforbruk i verda fornybar innan 2050.


Forskarane ser føre seg ei omfattande elektrifisering av alle samfunnssektorar i åra framover. I 2050 må vi produsere fire til fem gonger så mykje straum, og alle fossile energikjelder må vere fasa ut.


Den viktigaste energikjelda i framtida er solenergi, meiner klimaøkonomane. Dei ser føre seg at 69 prosent av den globale energiproduksjonen om tretti år er solkraft. Vindkraft blir nest størst og kjem til å stå for 18 prosent av produksjonen.


Det samla investeringsbehovet er på oppunder 650.000 milliardar kroner (67.200 milliardar euro), ifølgje rapporten. Rapporten er dedisert til den svenske miljøaktivisten Greta Thunberg og #Fridaysforfuture-rørsla. (©NPK)