Både vin og øl sel godt i sommarvarmen. Helsedirektoratet ber foreldre og andre vaksne vise omsyn til barna. Foto: Knut Fjeldstad/NTB scanpix/NPK.

– Pass på at sommarfesten ikkje skremmer barna

Både vin og øl sel godt i sommarvarmen. Direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvåg, ber vaksne sørgje for at sommarfesten ikkje skremmer barna.

– Sommaren er ei fin tid viss du er bevisst på å bry deg om dei menneska du omgjev deg med. Blir det mykje drikke, blir ein asosial og egoistisk i staden for å kunne bidra med nærleik og omsorg, seier direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet til NTB.

Rådet hans kjem på eit tidspunkt der både Vinmonopolet og Bryggeriforeningen rapporterer om gode salstal – mykje på grunn av mange varme dagar.

– Kan bli trugande 

Guldvog ber vaksne om å passe på barna.

– Det er viktig å tenkje på korleis barn har det. Dei oppfattar ofte små endringar i åtferda til vaksne, og det kan bli trugande viss det er mykje alkohol inne i biletet, seier han.

Unngå vesentleg åtferdsendring

Ifølgje Helsedirektoratet blir sommaren prega av vald og seksuelt misbruk der alkohol er tungt inne i biletet. Helsedirektøren meiner nordmenn bør tenkje gjennom korleis sommarfesten kan vere til glede for alle, også dei som ikkje drikk.

– Det er viktig å skape trygge omgjevnader. Vi har ingen faste mål på kva som er for mykje, men du bør avgrense talet på einingar såpass at du ikkje endrar åtferd vesentleg. Det kan vera skremmande for barna, seier Guldvog.

– Ha gode måltid

Guldvog legg til at sommaren er ei fin tid, og eit høve til å lade batteria til resten av året. Difor kan det vere lurt å halde seg i form.

– Sjå gjerne flott fotball frå VM, men hugs å reise deg frå godstolen og gjer noko sjølv. Spel fotball med barn og familie og venner eller gå på tur. Og så kan ein gjerne byte ut snacks med frukt når ein nyt ein spennande fotballkamp, seier Helsedirektoratet sin direktør.

– Det er også viktig å ha gode måltid. Frukt og grønsaker er bra, og nordmenn bør bli flinkare til å ha grønsaker på grillen og til å ete meir grov kornmat, seier Guldvog.

Ber folk om å passe på eldre

Ei utfordring som oppstår i varmen er å få i seg nok drikke.

I Canada har over 70 personar døydd på grunn av høge temperaturar, og styresmaktene i landet opplyser at eldre utgjer ein stor del av dei omkomne. Noreg er på si side inne i ei hetebølgje der termometeret fleire gonger har passert 30 grader.

– Når det er så varmt er eldre menneske særleg utsette. Dei får ofte ikkje i seg nok væske, og blir dehydrerte. Fleire brukar også medisinar som kan få uheldige biverknader når dei ikkje får nok vatn. Dei bør difor ikkje vere altfor mykje åleine, seier Guldvog.

Rådet om å drikke mykje vatn gjeld ikkje berre eldre, men også dei som drikk alkohol i sommarvarmen.

– Vatn er den beste tørstedrikken. I varmen blir ein lett tørst, og viss den tørsten berre blir sløkt av alkoholhaldige drikkar, blir ein lett dehydrert, seier Guldvog. (©NPK)