På Vassenden var to gravemaskiner i sving med å hente opp rekved frå Jølstravatnet.

Opprydding i Jølstravatnet

I samband med rasa i Jølster, kom det store mengder skog ned i Jølstravatnet. Den ligg i fjæra frå Vassenden og langt innover vatnet. Store tre med rot på vart tysdag også observert drivande midtfjords.



Måndag denne veka oppfordra Jølster jakt og fiskelag og kommunen til dugnad for å rydde langs fjæra. Tysdag observerte vi to gravemaskiner på Vassenden som var i sving med å rydde opp rekved der. Den vart lasta opp på traktorhengar og køyrd vekk.



Dugnad

-Det er veldig bra at dette blir gjort, sa rådmann Ellen Jensen som tysdag tok seg en tur bort for å sjå på ryddinga etter at ho hadde snakka med Barne-og familieministeren.

Prosjektet er dugnadsbasert, men Jølster jakt og fiskelag kan vere med å dekke maskinkostnader der mykje rekved har samla seg, heiter det på kommunen si nettside.

- Det er behov for mannskap som kan rydde både langs land og i vatnet, heiter det frå kommunen som oppfordrar til å stille med alt frå handemakt til maskiner.

 



 

-Det er veldig bra at det blir rydda, sa rådmann Ellen Jensen som tysdag inspiserte ryddearbeidet på Vassenden.