Hoven i Loen. Arkivbilete.

Opphevar forbod mot luftsportsaktivitet

Feil ved utstyret var truleg årsaka til at ein luftsportsutøvar omkom i ei ulukke ved Hoven i Loen 28. april i år, opplyser Tormod Hvattum, lensmann i Nordfjord, i ei pressemelding. 

- Politiet har avhøyrd vitne og gjort tekniske undersøkingar av utstyret med hjelp av ekstern bistand. Vi har også undersøkt tilhøva på utspringspunktet. Den førebelse rapporten syner at det truleg var brukarfeil på utstyret som har vore ein medverkande årsak til at den tragiske ulukka skjedde. Ifølge rapporten skal det ha vore feil innstilling på utstyret før utspringet skjedde, skriv Hvattum.

Det er ikkje funne feil eller manglar ved utspringspunktet. Utspringspunktet vert rekna for å ha tilstrekkeleg tryggleiksmarginar som blir krevd ved denne typen luftsport.

- Politiet vil på bakgrunn av dette oppheve det mellombelse forbodet mot luftsportsaktivitet ved Hoven i Loen, Stryn kommune, frå dags dato, heiter det i pressemeldinga.