Elisabeth Gimmestad er ein av solistane som er med når Opera Nordfjord torsdag held konsert til inntekt for TV-aksjonen.

Opera Nordfjord med konsert i Sagastad

I over 15 år har Opera Nordfjord invitert til konsert I Eid Kyrkje til inntekt for TV-aksjonen. I år stiller solistar og musikarar frå operaen igjen opp gratis for å glede Nordfjord-publikumet, men denne gongen er det Sagastad som er gjestfritt vertskap for konserten torsdag 10. oktober om kvelden.

Tv-aksjonen går i år til Care Norge og skal skape eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda. TV-aksjonen skal hjelpe 400.000 kvinner i ni land til å tene sine eigne pengar, bestemme over sin eigen kropp og få si stemme høyrt.

Repertoaret på konserten er svært variert og spenner frå Mozart-ariar og operaduettar til negro spirituals, hornkvartett, blåsekvintett, strykekvartett, fiolin- og harpe-duo, fiolin-duett og orkester.

Av solistane får vi høyre Vibeke Kristensen, Marika Schultze, Siv-Oda Hagerupsen, Elisabeth Gimmestad og Trond Halstein Moe, akkompagnert av Olga Pavlova og orkestermusikarar.

Frå orkesteret spelar konsertmeister og fiolinist Stig Nilsson temaet frå Schindler’s liste, og harpist Ellen Sejersted Bødtker spelar både eigenkomponert solomusikk og Meditasjon frå Thais saman med fiolinist Martin Schiessler. Så langt er det 25 musikarar og solistar som har meldt seg, så det er all grunn til å møte opp i vikingskip-museet torsdag kveld og oppleve den strålande akustikken med Myklebust-skipet som bakteppe.

Det er fri entré, men det vert høve til å gi ei gåve ved utgangen. Alle aktørane stiller opp gratis, og det er fri husleige, så kvar krone som kjem inn går uavkorta til Care Norge. Velkomen til vakre ord og tonar og balsam for sjela i haustmørkret - arrangøren lovar at Nordfjordsongen står på repertoaret også i år.