Tunet på bnr 1 på Bjørset i dag. Garden Bjørset var tingsete og sete for fleire lensmenn og ein fut og vart etter kvart delt på fleire bruk. Det var han som sat som eigar i 1801, Anders Ludviksen Bjørset, som delte garden på tre av sønene sine rundt 1840.

Om lensmenn og ras på Bjørset

«Herren er ner» og datoen 21.11.1897, står det hogge inn på ein stein i tunet til Torgeir Bjørset i Jølster.


Inskripsjonen i steinen er laga av oldefar til dagens eigar av bruket, Ludvik Torgeirson Bjørset (1845-1928). Den har tilknyting til ei dramatisk hending i 1897, ei hending som tok seg opp att i 1986.



Tingstad og lensmannsgard
Det var opphaldsvêr då vi var på Bjørset for å samle opplysningar til denne artikkelen. Men det regna uhorveleg ein desemberdag i 1986, og sikkert også ein novemberdag i 1897. Begge gongane gjekk det ras frå Bjørsetfjellet som trua tunet på bnr 1 på Bjørset, eit bruk der det har budd menneske i uminnelege tider, og som har vore sete for fleire lensmenn.

I tunet står det også ei svært gammal sperrestove, ei stove som har vore nytta som tingstove i middelalderen. Bjørset har nemleg vore tingstad, og der har også budd ein fut der eit par år på slutten av 1700-talet. Kor gammal stova er, er det ingen som veit, men den skal vere flytta frå Hegrenes, og på veggen heng ein stokk som har vore over to dører.

Der er det hogge inn årstalet 1593, men det som er meir interessant, er at på denne stokken er det også rissa inn fleire liljer, dei same som vi finn i Audun Hugleiksson sitt våpenskjold og som Jølster kommune har i kommunevåpenet. Kvifor desse liljene er rissa inn i denne stokken, kan vi berre fantasere om, men mannen som i dag bur på den gamle lensmannsgarden har hatt ekspertise på plass som meiner at stova kan ha vore i baron Hugleiksson si eige.


Den gamle tingstova frå middelalderen er automatisk freda og vart i si tide flytta frå Hegrenes på Ålhus.

Kvinneleg lensmann
Kor gammal tingstova kan vere, er det ingen som veit sikkert, men det som er sikkert, er at Jølster sin einaste kvinneleg lensmann budde på Bjørset. Ho heitte Else Åsmundsdotter Bjørset (d. 1807) og var opphavleg frå Bergen. Ho var gift med lensmann Torleiv (Tolleiv) Hansson Bjørset som døydde i 1880.

Denne dama var ikkje for katten, og ho er kjend som den første som dyrka poteter i Jølster. Men det mest spesielle var at ho, med løyve frå amtmannen, styrde lensmannsgjerninga i Jølster i mange år, medan mannen var sjuk og svakeleg. Else var eigentleg lensmann frå 1767, og løyve frå amtmannen vart tinglyst i 1769. I det tinglyste skrivet som er svar på Else sin søknad om å fungere som lensmann, seier amtmann Joachim de Knagenhielm følgjande:

– Hver gang jeg har været her paa Jølster, har overbeviset meg om at faa Mandspersoner skall bedre kunne forstaae et Lehnsmannsembede end Ansøgerinden det nu i mange Aar har gjort, er attesten frå Knagenhhielm som var den første amtmannen i Nordre Bergenhus Amt, seinare Sogn og Fjordane.

Else har altså fungert uoffisielt i lensmannsstillinga i mange år, men får det formalisert i 1769 og får løyve til å fungere som lensmann så lenge mannen Torleiv lever. Han var innsett som lensmann i 1730 og døydde i 1780. Han gifte seg med Else i 1749 og dei fekk fleire born. Eitt av dei vart det farskapssak om, men det enda med forlik mellom lensmannen og ein stardøling, underskrive av to vitne.


Dørstokken med liljene og årstalet 1537. Kvifor liljene er å finne på denne stokken, er det store spørsmålet.

Ny lensmann
Else hadde ein lensmannsdreng frå Nedrebø buande på bruket. Han heitte Jens Erikson og hadde vore lensmannsdreng sidan 1769, same året som Else fekk løyve til å styre lensmannsgjerninga. Då lensmann Torleiv døydde i 1780, var vegen rydda for lensmannsdrengen som hamna i senga til lensmannsfullmektig Else. Dei gifte seg, men tinglyste ei fråsegn der det heitte at «Vi i følge Naturens orden ingen børn kan vente at avle med hinanden». Derfor gjorde dei avtale om at den lengstlevande skulle arve den andre.

Men det gjekk ikkje lenge før Jens Eriksen søkte om å få overta lensmannsstillinga, noko den legendariske sorenskrivaren i Sunnfjord, Hans Arentz, rådde til. Dette kanskje mest fordi Eriksen var gift med lensmannsenkja som hadde fungert som lensmann i mange år. Men det kan også vere at Arentz let seg sjarmere av Jens sin søknad der han skriv følgjande:

– Da forsynet har sørget så vel for mig at jeg har faaet afdøde lehnsmann for Jølster Skibrede Tollef Hansens Enke til ægte, Hvis som udi Hans alderdom og syge Tilstand mange aar efter Høy-Øvrigheds Bevilgning upaaklagelig har forstaaet lehnsmannskapet her.

Jens vart tilsett som lensmann i 1782, men fekk ikkje så veldig lang teneste. Han døydde i 1794, og ny lensmann vart Olav Erlingson, som budde hos lensmannen og vart utnemnd i 1796. Han var den siste lensmannen på Bjørset. Else døydde i 1807 og hadde då vore gift med to lensmenn og hadde også prøvd seg som gjestgjevar på Skei med skjenkeløyve for øl. Ho er ein av to øltapparar nemnde i folketeljinga for 1801, den andre heldt til på Vassenden.