Brødrene Aa sitt anlegg i Hyen. Foto: Ole Matias Aa.

Ytterlegare to smittetilfelle i Gloppen

To arbeidarar ved Brødrene Aa har testa positivt på koronavirus, melder Gloppen kommune søndag kveld.

– Begge to har vore testa i samband med innreise til landet og har vore i karantene sidan ankomst. Det er ikkje kjende nærkontaktar til desse smittetilfella. Arbeidarane er no i isolasjon, og blir følgde opp av Brødrene Aa, og kommunen sitt helsepersonell ved behov, skriv ordførar Leidulf Gloppestad i ei pressemelding.

Laurdag vart det kjent at tre utanlandske arbeidarar ved det tradisjonsrike verftet i Hyen hadde fått påvist covid-19-smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.