WHO: Covid-19 kan få same status som sesonginfluensa i år

Koronapandemien kan i år nå eit punkt der den utgjer ein trussel som svarer til same grad som sesonginfluensa, melder Verdshelseorganisasjonen (WHO).

– Eg trur vi vil nå eit punkt der vi kan rekne covid-19 på same måte som vi reknar sesonginfluensa: ein helsetrussel, eit virus som framleis vil ta liv, men som ikkje forstyrrar samfunnsordenen, sa direktør for helsekriser, Michael Ryan, i WHO på ein pressekonferanse i fredag.

– Eg trur vi vil nå det punktet i år, la han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Organisasjonen trur at dei kan vere i stand til å erklære at koronaviruset ikkje lenger utgjer ei global folkehelsekrise i 2023. Viruset vart erklært ei slik krise i januar 2020, og i mars same år skildra dei situasjonen som ein pandemi for første gong. (©NPK)