Foto: Politiet.

Vogntog tok fyr i tunnel - 32 evakuerte

Klokka 03.39 natt til laurdag fekk politiet melding om at det brann i eit vogntog 1500 meter inne i Gudvangatunnelen. 

Tunnelen var stengd for ordinær trafikk på grunn av vedlikehaldsarbeid, og vogntoget var i ein kolonne på fire som blei leia av leiebil. Det eine vogntoget køyrde vidare, medan sjåførane i dei tre andre blei tekne hand om av leiebilen.

Totalt blei 32 personer evakuerte. 26 personar er no i Gudvangen, 6 i Aurland. 4 av desse er køyrde til Lærdal sjukehus med mindre røyskader.

Brannvesenet har kontroll på brannen. Tunnelen kjem truleg til å bli stengd i lenger tid.