Jula i år kan bli historisk, med ein julehandel som slår alle rekordar, spår Virke.Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Virke spår rekordmange pakkar under juletreet i år

Julenissane i landet går truleg travle tider i møte. Julehandelen i år vil slå alle rekordar, trur Virke.

Julehandelsprognosen for i år, som er utført av Kvarud Analyse på oppdrag for Virke, anslår at nordmenn kjem til å handle for 57 milliardar kroner i november og 63 milliardar i desember. Det svarer til ein auke på 10,5 prosent frå i fjor.

I snitt vil kvar og ein bruke 11.760 kroner på julehandelen i år, over 1.100 kroner meir enn i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er annleisåret, og julehandelen er ikkje noko unntak, slår direktør Harald Jachwitz Andersen i Virke handel fast.

Pandemi og stengde grenser

For det er koronapandemien og stengde grenser som truleg vil føre til at kortlesarane går varme i norske butikkar. På grunn av pandemien vil nordmenn bruke om lag 20 milliardar kroner mindre på reiser, opplevingar og andre tenester i november og desember enn på same tid i fjor. Dette er pengar som i år i stor grad vil bli brukt på varer, trur analytikarane.

I tillegg fører stengde grenser til at om lag 3 milliardar kroner som normalt blir brukt på mat og drikke over grensa, vil bli lagde igjen i Noreg.

Omsetninga i november og desember utgjer ein stor del av årsomsetninga i detaljhandelen. Vinnarane i årets julehandel vil i stor grad vere dei same som har gjort det bra tidlegare i år òg, som mat og drikke, elektronikk, lågprisbutikkar med breitt vareutval og netthandel.

– Ein god julehandel er derfor viktig for norsk økonomi, og i år kan det redde mange av verksemdene som slit, meiner Virke.

Næringsminister Iselin Nybø (V) oppmoda torsdag folk om å starte julehandelen tidleg og slik unngå for store samlingar i butikkane.

– Vi har fått ein global pandemi til jul, og då gjeld det å ta forholdsreglar, sa Nybø til NTB.

Nokon vil slite

Men ikkje alle kjøpmenn kan gni seg i hendene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er store forskjellar på tvers av bransjar og geografi, og ein del verksemder slit tungt no som smitteverntiltaka er stramma inn, påpeikar Andersen.

Mellom anna kan sentrumshandelen i dei største byane, der bransjar som klede, sko og mote utgjer ein stor del av biletet, få det tøft fordi så mange sit på heimekontor.

– Dei som lever av det vi puttar i kroppen og i heimane våre, gjer det godt, medan dei som lever av det vi puttar på kroppen, slit. Klede, sko og mote har vore hardast ramma av koronakrisa til no og kunne verkeleg hatt bruk for tidenes julehandel, seier Andersen.

Samtidig blir landet i stor grad prega av ei rekkje skjerpa koronatiltak, og nordmenn er bedne om å halde seg mest mogleg heime for å unngå auka smitte i samfunnet.

Black Week

Virke spår òg at trenden med å flytte delar av julehandelen, unnateke julemat, frå desember til november vil halde fram i år. I fjor utgjorde novemberhandelen 47,2 prosent av detaljhandelen i årets to siste månader. I år er det anteke at delen vil auke til 47,6 prosent.

Det er særleg salsdagen Black Friday som trekkjer opp. Dei siste åra har Black Friday vorte utvida til Black Week, ein trend som ifølgje Virke vil forsterkast i år.

Medan omsetninga i fysiske butikkar og netthandelbutikkar blir anslåtte å bli på 3,3 milliardar kroner på Black Friday, eit fall på 10 prosent frå i fjor, spår Virke at omsetninga under heile Black Week vil bli på 15,5 milliardar kroner, ein auke på 1,5 milliardar kroner.

(©NPK)