Rådmann Jan Kåre Fure.

Vil trekkje Gloppen ut

Rådmannen meiner at det ikkje er grunnlag for å arbeide vidare med ei kommunesamanslåing mot Sunnfjord og ber politikarane trekkje Gloppen ut av Sunnfjord-samarbeidet.

Jan Kåre Fure viser til at saka må avgjerast på formannskapet sitt møte 26. november. Kommunen greier nemleg ikkje å halde svarfristen som er sett til månadsskiftet november-desember om ein ventar til kommunestyret si handsaming 14. desember.

Les meir i papirutgåva onsdag.

– Når eg no tilrår at Gloppen hoppar av Sunnfjord-samarbeidet, er årsaka kort og godt at vi ikkje har noko Sunnfjord-alternativ å gå vidare med, opplyser Jan Kåre Fure. Her i lag med ordførar Leidulf Gloppestad.