Illustrasjonsfoto: Berit Roald/NTB/NPK.

Vil styrkje rekrutteringa til lokalavisene

Landslaget for lokalaviser (LLA) vil at medlemsbedriftene skal jobbe meir treffsikkert med rekruttering. Formålet er å styrkje tilfanget av kvalifiserte kandidatar til lokalavisene.

Dei siste åra har det vorte stadig meir krevjande å finne rett kompetanse til lokalavisene. No vil LLA vite kva kandidatane er opptekne av, slik at medlemsbedriftene kan jobbe meir målretta med rekruttering.

– Dette er ei utfordring heile bransjen er oppteken av, men som spesielt råkar lokalavisene, seier Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier det er uforståeleg at ikkje fleire søkjer seg til lokalavisene.

– Lokalavisene er berebjelken i demokratiet vårt, demokratiet startar i lokalsamfunnet. Oppdraget til lokalavisene er å spele ei konstruktiv rolle i lokalmiljøet. Lokalavisa skal gjere det betre å bu, leve og arbeide i lokalmiljøet, seier Bruvik.

Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, seier det er uforståeleg at ikkje fleire søkjer seg til lokalavisene. Arkivfoto: Beate Haugtrø/NPK.

FRAM Rekruttering og rådgiving er engasjert for å hjelpe til i dette arbeidet. Lokalavisene må tenkje langsiktig rundt rekruttering,

– Rekrutteringsutfordringane i lokalavisene er ikkje unike, og vil ikkje gå over av seg sjølv. Dette er knytt til store samfunnstrendar som låg arbeidsløyse, flytting frå bygdene og kamp om dei beste hovuda på tvers av bransjar. Lokalavisene bør derfor leggje ein strategi for å sikre rekrutteringa i mange år framover, seier Bård Idås, dagleg leiar i FRAM Rekruttering og rådgiving. (©NPK)