Vil satse på stamveg framfor ferjefri E39

Atle Hamar (V) meiner Sunnfjord må prioritere å ruste opp stamvegane før ferjefri E39.


– Dei ferjefrie fjordkryssingane over Bjørnefjorden og Sognefjorden må utsetjast til alle stamvegstrekningane i Sogn og Fjordane har fått skikkeleg vegstandard og gul midtstripe, seier Atle Hamar, som er ordførarkandidat for Venstre i nye Sunnfjord kommune til Firda.


Han trur løyvinga til vegutbygging vil verte mindre med åra, ettersom situasjonen no tilseier at det vil verte mindre bompengar. Han meiner det gjeld å frigjere pengar til dei satsingane som hastar mest.


Utbygginga av ferjefri E39 har per no ein prislapp på 340 milliardar kroner.


Olve Grotle, Høgre sin førstekandidat i Sunnfjord, har framleis trua på ferjefri fjordkryssing.


– Eg trur på visjonen om ferjefri fjordkryssing, og eg er ikkje klar for å seie at desse planane må setjast på vent. Det vil vere eit grep som kan ta lufta ut av E39 som det store prosjektet på Vestlandet. Bjørnefjord-kryssinga kan kome til å konkurrere reelt med E39-prosjektet vårt, men eg reknar med at det der vil handle om ein god del bompengar. Trafikkgrunnlaget kjem til å vere så stort at viljen til å delfinansiere med bompengar vil vere der, seier han.


Avisa har spurt dei ulike partia om kva dei meiner om saka. Høgre er det einaste partiet som svarar at dei er heilt samd i at E39 bør bli ferjefri. Frp er delvis samde, Sp og KrF er delvis ueinige i at vegen bør bli ferjefri og Ap, SV, Venstre, Partiet Dei Kristne og MDG signaliserer at dei er mot ferjefri E39. (©NPK)