Skam var ein nettbasert dramaserie som handla om livet til ei rekkje ungdomar på Hartvig Nissens skole i Oslo.

Vil lage drama frå Sandane

 

NRK ønskjer å lage eit nettdrama frå Sandane. Det melder itromso.no.



Torsdag blei det skipa til eit møte i Kringkastingsrådet, der det mellom anna blei presentert kva NRK arbeider med for ungdom.

Lovleg

Redaktør i P3, Camilla Bjørn, fortalde om eit prosjekt dei jobbar med i lag med Rubicon. Prosjektet har arbeidstittelen «Lovleg», og har fleire likskapstrekk med megasuksessen «Skam», som hadde sin fjerde og siste sesong i fjor.

Både «Lovleg» og «Skam» er nettbaserte drama og handlar om ungdom på vidaregåande skule. Ifølgje Bjørn skal NRK auke produksjonen av nettdrama.

Den nye serien skal ikkje filmast i Oslo, men nærare bestemt på Sandane i Gloppen kommune.

Utforskar hybellivet

– Hit og til andre tettsteder kjem mange 16-åringar for å bu på hybel og gå på vidaregåande. Denne røyndomen har vi lyst til å utforske, sa Bjørn under møtet i Kringkastingsrådet.

NRK har  vore på Vestlandet og gjort ein del research. Eitt av spørsmåla som sette dei på sporet av kva de ønskjer å oppnå med serien var: Kva er det verste som kan skje om du skulle flytte til ein ny stad i morgon? Svaret dei fekk var – å ikkje få vener.

– Serien skal lære ungdom at det går bra, sa Bjørn under presentasjonen.