Vil ikkje imøtekome naboønske





Rådmannen i Gloppen ønskjer ikkje å starte opp noko reguleringsarbeid for å utvide kulturminneparken i Mona. Saka skal opp i formannskapet onsdag.





Olav Hjelmeset AS har søkt om å få føre opp lagerbåsar med ei lengde på totalt 97 meter éin meter frå naboeigedomen i Mona. Der ligg tuftene til det som truleg var langhusa til Eidehøvdingen. I reguleringsplanen er det sett av ein fem meter brei vegetasjonsskjerm mot kulturminneparken.





Kapasitetsproblem





Reguleringsplanen for Mona kulturminnepark inneheld tre
reguleringsføremål: bustad, kulturminnepark og forretning/kontor/industri.
Kulturminneparken er knytt opp mot det unike funnet av Eidegarden, to langhus
frå perioden 400-550 e.Kr. Området som er regulert til
forretning/kontor/industri blir nytta av Mona Vekst, Diplomis og Olav Hjelmeset
AS.





Åse Kari og Knut Fjellestad er naboar til området. Dei ønskjer seg ei reguleringsendring, der vegetasjonsskjermen blir lagt til kulturminneparken. Det vil i så fall bety at området som er regulert til kulturminnepark blir utvida mot vest i storleiksorden 1,5-2 dekar.





Rådmannen viser i si saksutgreiing til at det vil koste noko å gjennomføre ei reguleringsendring.





– På grunn av kapasitetsproblem må det truleg leigast ekstern hjelp til dette reguleringsarbeidet. Ei utviding av arealet til kulturminneparken vil truleg også utløyse krav om kommunal innløysing av grunn, skriv han.





Vedtok rekonstruksjon





I 2005 handsama Gloppen kommunestyret eit forprosjekt for
Eidegarden. Kommunen sitt øvste politiske organ vedtok at det måtte arbeidast
vidare med å få til ein rekonstruksjon av Eidegarden.





Dei gav rådmannen fullmakt til å få fram eit meir eksakt kostnadsoverslag ved ein rekonstruksjon, og bad han lage ein finansieringsplan basert på eksterne finansieringskjelder.





– Arbeidet med å lage ein rekonstruksjon av Eidegarden er ikkje blitt prioritert av kommunen. Andre kulturtiltak har bunde oss opp i perioden, først og fremst Trivselshagen. No har arbeidet med bevarings- og utstillingslokale for Holvikejekta prioritet, skriv rådmannen i si vurdering.





I kulturminneplanen for Gloppen kommune, som no er under arbeid, er det for Eidegarden føreslått mindre tiltak som går på å merke stolpehol og setje opp informasjonsskilt. Rådmannen viser til at det i økonomiplanen for 2019-2022 ikkje er sett av midlar til Eidegarden eller kulturminneparken.





Frårår privat plan





Reguleringsplanen for Mona kulturminnepark vart vedteken i
2012. I denne planen står det at «det er lagt inn eit areal som skal nyttast
til skjerming mellom næringsarealet og parken og som også vil skjerme for
bustadområdet aust for plangrensa. For bustadeigedomane er dette særleg viktig
med tanke på støy, men kan også vere eit poeng visuelt. Her kan t.d.
opparbeidast ein voll med beplantning oppå. Området blir rekna som ein del av
næringsarealet, og det er verksemdene her som er ansvarlege for opparbeiding og
vedlikehald».





– Eg kan ikkje sjå at det er kome til nye moment som skulle tilseie at reguleringsplanen skal reviderast. Når det ikkje ligg føre konkrete planar og prioriteringar frå kommunen si side, ser eg heller ikkje noko grunn til å starte opp eit reguleringsarbeid basert på det mottekne forslaget, konkluderer rådmannen.





Han viser til at det er råd å fremje eit privat reguleringsforslag, men i dette tilfellet frårår han dette.