Vil ha fleire heile stillingar i eldreomsorga

Lesarinnlegg av Kari Daltveit, helsefagarbeidar og tillitsvald i fagforbundet, Torbjørn Vereide, fylkestingskandidat Vestland Arbeidarparti:

Vi har verdas beste tilsette i eldreomsorga. Dei er stolte av yrket. Dei kan faget. Og dei bryr seg. Diverre er det altfor mykje underbemanning, og det er framleis altfor mange tilsette som berre får tilbod om deltidsstillingar. Det må vi gjere noko med!

I dag får berre 1 av 5 helsefagarbeidarar tilbod om heiltidsstilling. Mykje av det same gjeld og sjukepleiarar som jobbar med omsorg og eldre. Med stillingsbrøkar som går heilt ned til 20 prosent blir det vanskeleg å planlegge familieøkonomi og familietid. Ikkje minst medfører deltidsstillingar at det blir krevjande å få lån i banken slik at du kan etablere deg med eigen bustad.

Her må vi få rydda opp. I dag fører fråværet av heiltidsstillingar til at vi mistar flinke folk frå omsorga fordi dei søkjer seg over til heilt andre jobbar. Det har vi ikkje råd til.

Vikarane våre fortener det same. Etter at useriøse vikarbyrå er blitt avslørte i å underbetale vikarane, er det på tide å få rydda opp og skape betre tryggleik for alle som jobbar i omsorga vår. Her kan det vere ei god løysing med ein kommunal vikarpool med heile, faste stillingar. Både når det gjeld kostnaden og når det gjeld kvaliteten i den daglege omsorga.

Frivilligheit må vere frivillig: Lokalsamfunnet vårt har både nytte og glede av alle dei frivillige i kommunen vår. Men dei frivillige må få lov til å vere, nettopp frivillige. Vi kan ikkje planlegge for framtida med å tvinge frivilligheita til å gjere jobben for oss. Arbeidet i omsorga skal gjerast av fagfolk.

Då må grunnbemanninga vere god nok. Om det ikkje er tilstrekkeleg med folk på jobb, så gjer det noko med både trivselen og sjukefråværet. Våre tilsette må få tid til å gjere jobben sin. For omsorg handlar om så ufatteleg mykje meir enn berre stell og medisinar. Alle dei små tinga som er for mange til å nemne. Det å få møte eit smil som har tid til deg. Og det å få halde ei varm hand over ein liten samtale. Det kan gjere ein stor forskjell i kvardagen.

Eldreomsorga vår skal vere best mogleg, ikkje billigast mogleg. Vi har verdas beste tilsette. Dei fortener alle å vere godt nok bemanna på avdelinga si, og dei fortener alle ein stillingsprosent som kan gi dei ein tryggleik i arbeidskvardagen.

et kan vi bidra til med å sikre fleire, faste, heiltidsstillingar i eldreomsorga vår.

Men det er eit vegval. Og no er det du som bestemmer.

Godt val.