Vil gje skryt til dugnads-arbeidarar

Sommarsøgjen med Norunn Sunde. 



Namn: Norunn Sunde


Alder: 52 år


Sivil status: Har kjærast


Bustad: Åsen


Yrke: Sjukepleiar ved Gloppen omsorgssenter


 

Kva er din favorittaktivitet i ferien?

– Eg er glad i å gå på tur om sommaren. Men det er vanskelegare å gå på tur no som eg ikkje lenger har hund. Eg satsar på å kome i gang med meir turgåing framover.

 

Kva blir høgdepunktet i sommar?

– Vi skal på tur med campingvogn til Sverige, og ned til Sandefjord og besøke dottera mi. Så skal vi køyre langs kysten der, om vi har finevêr. Det blir sommarens høgdepunkt.

 

Om du var guide for ein dag, kva ville du syne fram på heimstaden din?

– Her er mykje fint i Gloppen. Trivselsskogen, Holvikfossen og runda rundt der er veldig fin. Vi har ei fin strand i sentrum, Grandeparken, som eg også ville synt fram.


Kva meiner du er den beste sommarmaten?


– Grillmat og salat er godt. Eg legg det meste på grillen, både kjøt, fisk og scampi. Det er godt med grønsaker til.

 

Kvar er ditt ferieparadis og kven vil du ta med dit?

– Den flottaste ferieturen eg har hatt er til Thailand. Der var det mange flotte strender, fine attraksjonar og ikkje minst god varme. Eg skulle gjerne vore tilbake dit. Då ville eg ha tatt med meg min kjære.

 

Kva greier du deg ikkje utan om sommaren?

– Nei, sei det. Det å få sole seg, kunne gå lettkledd og kjenne på varmen er viktig om sommaren. Er det styggevêr her, må eg til varmare strøk. Så ein sommar utan varme er ikkje det heilt store. Ein treng varme og fint vêr for å lade batteria til ein kald vinter.

 

Favoritt dialektord eller -uttrykk?

– Eg kjem ikkje på noko, så eg har nok ikkje ein favoritt.

 

Kva for drikke kjøler du deg ned med i sommarvarmen?

– Pepsi max går det mykje av. Eg prøver å kutte ned på det, men det blir ein del om sommaren. Noko sprudlande i glaset seier eg heller ikkje nei til.

 

Kva skal til for at du skal kome i sommarstemning?

– Sol og varme må til. Eg får ikkje sommarstemninga når det regnar og er kjølig.

 

Kven vil du helst ta ein sjølvi med og kvifor?

– Det må bli Espen Lie Hansen. Han spelar på landslaget i handball, noko eg følgjer godt med på. Det er han som er mitt store førebilete og favoritt på handballbana.

 

Kva musikk får deg i godt humør?

– Det er mykje forskjellig musikk som får meg i godt humør. Eg har ingen spesiell sjanger eg høyrer meir på enn andre.


Kvar tar du helst ein dukkert?


– I sjøen. Eg likar best å stupe, så det må vere ein plass der det er djupt. Det er blitt mindre bading med åra, men eg er fortsatt glad i å ta meg ein dukkert.

 

Kva likar du best – tidleg morgonstemning eller seine sommarkveldar?

– Begge deler i finevêr. Eg klarer ikkje å sove lenge på morgonen, så eg er tidleg oppe. Det er fint å få morgonsola og sitje på verandaen med ein kopp kaffi og ete frukost. Eg likar også godt å sitje ute i paviljongen på kvelden. Her er ikkje kveldssol, så det er minuset med seine sommarkveldar.

 

Kva drøymer du om?

– Som engasjert i handball, drøymer eg om å kunne reise på ein stor meisterskap i lag med gode handballvener.

 

Kven vil du sende ei sommarhelsing til?

– Det må bli alle dei som står på i dugnadar i Trivselsskogen, på Myra og andre stadar. Dei som stiller på for at vi skal ha det bra, vil eg gjerne skryte av. Det fortener dei.