- Viktig plattform for vidare grøn omstilling og utvikling av norsk matproduksjon

I dag inngjekk Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag klimaavtale med Regjeringa. 

- Vi som produserer mat blir allereie utfordra av eit klima i endring,  og vi bønder skal sjølvsagt bidra til å redusere utslepp og auke opptaket av karbon.

Det seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, i ei pressemelding.

- Eg er glad for at avtalen slår fast Stortinget sitt mål om auka sjølvforsyning, der eit landbruk over heile landet ligg til grunn.

I dag signerte bondeorganisasjonane og regjeringa ein intensjonsavtale om reduksjon av klimagassar og auka opptak av karbon i jordbruket. Partane forpliktar seg dermed  til å redusere jordbruket sitt samla klimagassutslepp med fem millionar tonn CO2-ekv. frå 2021-2030.

Ambisiøs avtale

- Eg er glad for at partane vart einige, fortel Felde.

Han meiner klimaavtalen gjev auka tyngde til fleire igangsette klimasatsingar i jordbruket, som auka produksjon av biogass, avlsarbeid, satsing på betre grovfôr og nye løysingar for eit fossilfritt landbruk.

- Vi er allereie godt i gang med fleire viktige klimasatsingar som skal bidra til at vi kjem i mål. Mange løysingar handlar om ny teknologi, men vel så viktig er klimagevinsten ved god agronomi og godt gras til kua, seier Felde.

Fylkesleiaren peikar på at særs mange klimaløysingar  i landbruket ikkje blir bokførte i dagens utsleppsrekneskap. Han er difor glad for at avtalepartane er samde om å jobbe for at flest mogeleg tiltak for utsleppskutt og auke av karbonopptak i jordbruket skal bokførast og dermed bidra til å oppfylle sektoren sin klimaforpliktelse.

- Gjer  bøndene klimakutt på garden sin, må dei få kreditt for det. Det er eit viktig prinsipp som ligg til grunn for avtalen, seier Felde.

- Eg vil følgje arbeidet tett

I avtalen heiter det at både regjeringa og næringa skal bidra til å oppfylle utsleppsforpliktinga. Partane er samde om at aktuelle verkemiddel for å følgje opp avtalen skal vurderast i samband med dei ordinære prosessane for statsbudsjettet, og for jordbruksforhandlingane.

- Vi treng fleire verkemiddel for å støtte opp om klimatiltak i jordbruket. Det er bra at dette skal vurderast fortløpande. Vi kjem til å følgje arbeidet tett, avsluttar Felde.

 

 Bakgrunn:


  • Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har forhandla om ein klimaavtale med Regjeringa sidan juni 2018.

  • Avtalen er en intensjonsavtale om reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå 2021-2030. Avtalen er ikkje juridisk bindande.

  • I 2018 kom 8,5 prosent av Norges klimagassutslepp frå jordbrukssektoren. Mesteparten av utsleppa stammar frå naturlege, biologiske prosessar som fordøyelse til husdyra og lystgass frå gjødsla.