– Vi kan halde fram med å samarbeide, men eg trur det er viktig å byggje ned nokre gjerder som kommunegrensene fungerer som. Eg trur det vil tene oss alle, seier rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter.

– Vi må foreine kreftene våre

– Å halde fram åleine, verkar svært forlokkande. Vi har gode samfunn på begge sider. Skal vi oppretthalde dei, må vi ta nokre grep og foreine kreftene. Eg meiner vi må sjå stort på ting og vere villige til å dele. Vi blir for opptekne av vårt eige. Det taper vi på, seier Åslaug Krogsæter.

Til liks med Gloppen, skipar Eid kommune til folkemøte i samband med kommunereforma. I denne og neste veke skal det vere møte i alle skulekrisar – Kjølsdalen, Stårheim, Haugen, Hjelle og Nordfjordeid. På desse møta har politikarane i Eid gjeve rådmannen i oppgåve å fortelje kva tankar ho har om å halde fram som eigen kommune – det såkalla nullalternativet.

Kortare avstand

Åslaug Krogsæter har førebels ikkje utgreidd nullalternativet slik rådmannen i Gloppen har gjort.

– På mange måtar er mine vurderingar identiske med Jan Kåre Fure sitt syn på kva som skal til for å klare oss åleine, men eg er overtydd om at vi då vil få ein diskusjon om prioriteringar. Står vi åleine, betyr ikkje det nødvendigvis at vi kan halde fram som før, peikar ho på.

– Kva fordelar ser du med å stå åleine?

– Til kortare avstand det er mellom folk, til lettare er det å ha oversikt over behov. Det er ein fordel å kjenne kvarandre. Det som har vore, er trygt. Vi opplever at Eid er eit velfungerande samfunn med høg trivsel. Det ønskjer vi å ta vare på. Eid er eit samfunn som har lite økonomiske midlar å rutte med. Samtidig har vi store menneskelege ressursar, seier rådmannen.

Les meir i papirutgåva måndag.