Dagleg leiar Even Hole kunne nøgd konstatere at det endeleg blir råd å stå på ski i Jølster Skisenter. Torsdag tok han i mot dei første ungane til skiskule.

– Vi gjer så godt vi kan, alle mann

Det var vel neppe ein snøfattig vinter som dette han ønskte seg, Even Hole, i sin første sesong som dagleg leiar i Jølster Skisenter. Likevel gliste han breitt då vi besøkte han før helga.

Grunnen til Even Hole sitt gode humør og optimistiske syn på framtida, var snøkanonane som gjekk for fullt og som så langt i år hadde produsert 25000m3 snø, og meir skulle det bli.

Etterlengta opning

– Vi gjer så godt vi kan og alle står på og gjer ein fantastisk innsats. No har vi også vêrgudane med oss og i kveld opnar vi øvste delen av anlegget, kunne ein svært så nøgd Even Hole fortelje då vi var på besøk torsdag. Hole var på plass i området ved Kvamsstøylen der han såg trakkemaskina planere ut store snødungar som var produserte etter at kulden kom rett over nyår.


– Vi startar opp med skiinstruksjon allereie i kveld, og eg må ned ein tur for ordne saker og ting før eg skal vere på plass att her i kveld som instruktør for ein gjeng ti- og elleve-åringar, kunne Hole fortelje. Han var sjølvsagt glad for at skisesongen no endeleg var i gang, og at alpinistane frå Jølster no slepp å reise ut av fylket for å finne snø.

Les heile saka i papirutgåva måndag.