Det var gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti, Trude Brosvik, som fremja forslaget i fylkestinget. Her frå landsmøtet til partiet på Sola i april 2019. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix / NPK

Vestland vil sikre nynorsk i Outlook iOS-appen

Vestland fylkesting har samrøystes vedteke å be Microsoft om å halde oppe moglegheita for å bruke nynorsk i Outlook for Iphone og Ipad. Dei ber vidare regjeringa ved kulturministeren engasjere seg i denne saka.

Innan utgangen av juni, har Microsoft bestemt at språktilbodet i Outlook for Iphone og Ipad blir redusert. Dei kuttar nynorsk og 26 andre språk frå appen, som er ein av dei mest populære appane i verda når det gjeld å organisere e-post, kalendrar og oppgåver. Endringa gjer at språket til om lag 600 millionar menneske ikkje lenger kan bli brukt i appen.

Eit samrøystes Vestland fylkesting vedtok torsdag å be Microsoft om å snu i saka og halde oppe tilbodet om å bruke nynorsk i appen. Fylkestinget peikar på at dei er ein av dei største nynorske arbeidsgivarane i Noreg, og at det i utlysing av nye innkjøp og anbod, så langt som råd er, må stillast språkkrav til programvare og eventuelt andre digitale hjelpemiddel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg trist å sjå korleis Microsoft tenkjer å kutta mindre språk. Då synest me det er på plass å så langt som råd å bruka innkjøpskrav til å fremja tilgang til nynorske programvarer, seier gruppeleiar for KrF, Trude Brosvik, til Framtida.no.

«Det er spesielt underleg at Microsoft plukkar vekk nynorsk frå denne appen, når Microsoft har innarbeidd nynorsk i sine program sidan 2003. (...) Det er spesielt viktig at nynorsken vert brukt i den heildigitaliserte kvardagen vår», heiter det i vedtaket frå fylkestinget torsdag.

(©NPK)