Dei nye hurtigbåtane i Vestland skal bli miljøvennlege og utsleppsfrie. Pressefoto.

Vestland satsar på pilot med utsleppsfri hurtigbåt

– Vi må få eit hurtigbåttilbod som er reinare og billegare enn i dag og minst like føreseieleg og trygt, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fire fylkeskommunar går saman om å utvikle den nye miljøvenlege og utsleppsfrie hurtigbåten for framtida.

Fylkesutvalet har vedteke å signere avtalen om samarbeid mellom fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland, og Troms og Finnmark. I fellesskap skal dei utvikle kvar sin pilotbåt med null utslepp. Fylkesutvalet har vedteke at pilotbåten i Vestland skal trafikkere sambandet Florø-Måløy-Selje etter at utprøvingsperioden er over.

– Dette er eit nasjonalt prosjekt med internasjonale ambisjonar. Målet er å utvikle nye hurtigbåtar som vil setje næringslivet og det offentlege i stand til framtidig omlegging til nullutslepp på alle hurtigbåtar. Ved å lukkast med prosjektet kan vi etablere ein attraktiv transport som bind saman kysten på ein rein og kostnadseffektiv måte, seier Askeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvikling langs kysten

Fylkesordføraren meiner det er viktig å satse på utsleppsfrie hurtigbåtar langs kysten.

– Dei knyt øysamfunn saman med kvarandre og med fastlandet, og skaper grunnlag for ein balansert og samanhangande bu- og arbeidsmarknad. Det er forventa at ein stor del av næringsutviklinga i framtida vil skje langs kysten av Noreg. Samstundes er hurtigbåten slik vi kjenner den i dag, den aller største kjelda til utslepp målt i utslepp per passasjerkilometer. Og med høgt drivstoffbruk er det ei kostbar form for transport. Hurtigbåttilbodet i framtida må vere reinare og billegare enn i dag og må samstundes opplevast som minst like føreseieleg og trygt, seier fylkesordføraren.

Samarbeid

Dei fire fylkeskommunane har alt gjennomført eit samarbeid om ei utviklingskontrakt med mål om å demonstrere at nullutslepp er teknologisk og økonomisk mogleg for korte, mellomlange og lange samband. Utviklingskontrakten vart ferdigstilt i september 2019.

Resultata syner at utviklinga er komen langt, men at fleire teknologiske, juridiske og økonomiske barrierar må overkomast før utsleppsfrie hurtigbåtar kan realiserast innanfor ein akseptabel risiko og kostnad. Dette kom fram på eit seminar fylkesutvalet hadde med bransjen før vedtaket vart gjort.

Utvikling av pilotbåtane har ei økonomisk ramme på 86 millionar kroner. Av dette bidreg staten gjennom Klimasats/Miljødirektoratet med 56 millionar kroner. Næringslivet er forventa å bidra med minimum 20 millionar kroner i form av kapital eller eigeninnsats. Dei fire fylkeskommunane stiller med 2,5 millionar kvar, totalt 10 millionar kroner.

Byggjestart i 2023

Konkurransegrunnlaget for den nye hurtigbåten skal, etter planen, bli klart i juni. Då blir det teke stilling til teknologi, kor stor båten skal vere og kva fart den skal ha. Fylkesutvalet får då saka til ny handsaming.

I august skal prosjektet, etter planen, bli lyst ut på anbod, og bygginga skal, etter planen, starte i 2023.

Utprøving av pilotbåten kan starte mot slutten av 2024 eller i 2025. Det er sett av fire til åtte månader til utprøving, utan passasjerar, før båten kan setjast inn i trafikk på sambandet Kystvegekspressen, Florø-Måløy-Selje.