Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Vestland Høgre vil sjå på fredinga av 58 verna vassdrag

Vestland Høgre vil vurdere på nytt alle elvar som i dag er verna.

Høgre har tidlegare foreslått å av-verne ti norske vassdrag som ligg i Trøndelag, Nordland og Vestland. No vil programkomiteen i Vestland Høgre gå gjennom fredinga av alle 58 vassdrag som er omfatta av vern i fylket, skriv NRK Vestland.

Det konkrete forslaget seier : «Ingen verna vassdrag bør vere varig fritekne ny gjennomgang. Alle bør vurderast på nytt med tanke på ny teknologi, potensielle skånsame utbyggingar og flaumdemping.»

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ny teknologi, klimaspørsmålet og kraftbehovet gjer at det er heilt naturleg å vurdere alle verna vassdrag på nytt, seier Elias Eide, medlem i programkomiteen i Vestland Høgre, til NRK.

Forslaget har ført til reaksjonar frå dei som vil verne om vassdraga.

– Om Høgre er uroa for auka energibehov, kan dei heller undersøkje nye løysingar som havvarme og bølgjeteknologi, seier Ottar Hov til kanalen.

Han er turistvert på Gaularfjellet og har engasjert seg i arbeidet mot kraftutbygging i Gaularvassdraget i fleire år.

– Dette forslaget er historielaust, kunnskapslaust og trist, seier Alfred Bjørlo i Venstre.

(©NPK)