Fylkestinget i Vestland og fylkesordførar Jon Askeland har vedtatt å etablere to prisar i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland: klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland og kulturlandskapsprisen i Vestland. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Vestland etablerer kulturlandskapspris og klimapris

Fylkestinget i Vestland har vedtatt å etablere to prisar i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland: klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland og kulturlandskapsprisen i Vestland.

– Vi ønskjer med desse prisane å auke merksemda om gode klima- og miljøvennlege tiltak i landbruket, og kunnskap om kulturlandskap og -verdiar. Prisen skal vere ei påskjønning for særskilt innsats innan dei to felta som prisane representerer, i håp om at innsatsen også inspirerer andre, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.

Det skal delast ut ein pris kvart år. Dette inneber at klima- og miljøprisen og kulturlandskapsprisen vil bli delt ut annakvart år. Kvar prisvinnar får 30.000 kroner. Alle kan nominere kandidatar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisane kan delast ut til mellom anna gardbrukarar, mindre organisasjonar, bygde- og grendelag, grunneigarlag eller andre former for fellestiltak og samarbeid.

(©NPK)