Ver budd på møte med storfe i marka

Det har skjedd ulykker når turfolk og storfe har møttest i utmarka. Det skal derimot kunne gå bra dersom turgåaren førebur seg litt.

Foto: Karoline Riise Kristiansen/NPK.

– Dei fleste dyr er faktisk slik at dei ikkje kjem mot deg fordi at dei skal ta deg, men fordi at dei vil ha klapp, kos og kanskje ein godbit, seier Kristian Heggelund i Tyr, medlemsorganisasjonen til storfekjøtprodusentane, i avisa Nationen.

I ein video som organisasjonen har publisert på nettsidene sine, fortel Heggelund korleis turgåarar skal oppføre seg i møte med storfe på beite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei ku saman med kalven sin, har same instinkt som ei elgku har: dei skal forsvare avkomma sine.

Turgåarar med hundar kan også skremme kyrne.

– Ein turgåar ute på beitet blir i dei aller fleste tilfelle oppfatta som ein turgåar, men med ein gong denne turgåaren har med seg eit dyr, les hund, så blir situasjonen annleis. Hundar blir oppfatta av storfe som rovdyr, seier Heggelund.

Rørslemønster som er utanom det «vanlege» kan storfe også reagere på. Det kan vere ungar som spring rundt, eller rop og skrål.

Og har du med deg ei bøtte på turen, kan det hende storfeet trur du har med kraftfôr, og derfor kjem springande mot deg.

(©NPK)