Alfred Bjørlo vil ha straumstøtte til småbedriftene. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Venstre vil ha straumstøtteordning for småbedrifter

Venstre foreslår å innføre ei kommunal straumstøtteordning slik at mindre bedrifter òg skal få ekstra støtte til å betale straumutgiftene sine.

– Det er flott at landbruket får støtte, men absolutt ingen logikk i at andre små og mellomstore bedrifter som også slit med høgt straumforbruk, ikkje får støtte – til dømes bakeri, sagbruk, vaskeri og mange små industribedrifter landet rundt, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo i Venstre til E24.

Tysdag legg partiet fram eit forslag som går ut på å opprette ei kommunal ordning, ikkje ulik ho for koronastøtte til næringslivet, der bedrifter med høge straumutgifter skal kunne søkje støtte for januar, februar og mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt blir det fordelt éin milliard kroner i forslaget, og kommunane skal sjølv vurdere kva småbedrifter som skal få straumhjelp.

– Dei store industribedriftene er stort sett på langsiktige kraftkontraktar og blir derfor ikkje ramma så direkte, seier Bjørlo.

(©NPK)