Alfred Bjørlo (V) synest lite om at Raudt ligg betre an enn Venstre til å få eit utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Venstre kjem dårleg ut i Sogn og Fjordane

Venstre ligg på 1,7 prosent i Sogn og Fjordane, kjem det fram i meiningsmålinga til NRK.

– Det er altfor lågt, og vi må heve oss mykje fram mot valet. Det er mange usikre veljarar som sit på gjerdet, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stad, til NRK.

Medan Venstre har 1,7 prosent av stemmene i supermålinga til NRK for juni, ligg Raudt på 3,7 prosent, og ligg betre an til å få eit utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane. Senterpartiet ligg an til to mandat og Arbeidarpartiet til eitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Raudt får eit utjamningsmandat, er det Geir Oldeide frå Måløy som skal inn på Stortinget.

Nasjonalt ligg Venstre på 2,7 prosent.

I NRKs supermålingar spør Norstat 600 veljarar i kvart av dei 19 valdistrikta (dei tidlegare fylka), for å kartlegge korleis partia ligg an før stortingsvalet. Førre måling var i april, og neste måling kjem i midten av august.

(©NPK)