Vel fortent

Desember er tid for ei rekkje små og store prisutdelingar, der mange dyktige menneske vert heidra for stor og langvarig innsats. Det er fantastisk kor mange drivande eldsjeler vi har, og det er ei stor glede å kunne vere med å formidle vidare vel fortent heider. I førre veke var det til dømes den entusiastiske hotellmann og trekkspelar Jon Skrede som vel fortent fekk Jølster kommune sin kulturpris. Og då Gloppen kommunestyre avslutta årets sesong denne veka, var det ein annan heidersmann som fekk kulturprisen, den alltid entusiastiske og småjoggande Dag Fosstvedt, som i tillegg til det kulturelle også har hatt eit stort sosialt engasjement gjennom alle år.

To heidersmenn som har fått sine vel fortente prisar. Så syns vi også det var svært triveleg at det var ein danske som stakk av med den første tittelen som ”Årets gloppar”. Ikkje fordi han er danske naturlegvis, men fordi Jesper Melin Ganc-Pedersen fortener tittelen til dei grader. Han har, saman med gode og gledeleg nok stadig fleire medarbeidarar, greidd kunststykket å utvikle ein god ide, til ein spennande og framtidsretta bedrift med mange arbeidsplassar. Dei er også er med og effektiviserer det norske helsevesenet, noko som trengst. Det er i det heile eit stykke arbeid det står all respekt av.


Les heile leiaren i fredagsavisa.