Mykje masse måtte fjernast for å få elveløpet tilbake der det det skulle vere. Massen kom frå elvesidene oppover elva.

Vegen er opna att

Vegen mellom Byrkjelo og Myklebust, som vart stengd fredag kveld på grunn av store vassmengder og ei bru som stod i fare for å bli øydelagd, er no opna att, melder Statens vegvesen.