I Arbeidarpartiet og Senterpartiet si regjeringsplattform har Trygve Slagsvold Vedum fått gjennomslag for å nekte statlege etatar å bruke PR-byrå. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Vedum fekk gjennomslag: Staten skal ikkje bruke PR-byrå

I regjeringsplattforma til Arbeidarpartiet og Senterpartiet har Trygve Slagsvold Vedum fått gjennomslag for å nekte statlege etatar å bruke PR-byrå, melder han.

– Det har komme heilt ut av kontroll korleis den bransjen berre veks og veks, seier Vedum til VG.

Han avslører til avisa at det står i regjeringsplattforma til den påtroppande regjeringa, som etter planen tiltrer torsdag, at staten skal kutte i konsulentbruk ved å utvide eigen kompetanse, og at statlege verksemder sine kjøp av tenester skal kraftig reduserast. Utover informasjons- og haldningskampanjar skal slike tenester som hovudregel ikkje blir nytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar at det kan finnast unntak frå hovudregelen, men at denne opninga ikkje skal vere eit smotthol for likevel å bruke PR-byrå.

– Verdimessig handlar det om folkestyre, og at vi ikkje byggjer opp ein større og større sånn type bransje. Det skal vere lik tilgjengelegheit for politikken for alle, og vi må vere nøkterne i den offentlege pengebruken, seier Vedum.

(©NPK)