Det kommunale vatn- og avløpsnettet treng oppgraderingar for 332 milliardar dei neste 20 åra. Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Vatn og avløp kan bli over dobbelt så dyrt

Ein ny rapport frå Sintef viser at rekninga for vatn og avløp kan bli to- til tredobla. Auken er venta å bli størst i distrikta.

– Situasjonen er alvorleg og gebyrauken kan komme snart, seier administrerande direktør i Norsk Vann, Thomas Breen, til NRK.

Ein ny rapport frå Norconsult og Sintef, lagd for Norsk Vann, viser at det kommunale vatn- og avløpsnettet treng oppgraderingar for 332 milliardar dei neste 20 åra. Kostnaden tilsvarer ein femdel av statsbudsjettet for 2021.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kommunale vatn- og avløpsnettet blir betalt av husstandane. Difor er det venta at auken i kostnadene vil bli størst i distrikta, fordi rekninga der blir delt på færre innbyggarar.

(©NPK)