Publikum reiste seg og var med på å synge ”Deilig er jorden” som avslutning på konserten i lag med aktørane på scena.

Vakker julekonsert

* Elevar og lærarar begeistra publikum * Avslutta konserten med ”Deilig er jorden”

Elevar, lærarar og distriktsmusikarar varta opp med nydeleg vakker julemusikk då Gloppen kulturskule inviterte til julekonsert i kultursalen torsdag kveld. Høgdepunktet var utan tvil fellesnummeret ”Deilig er jorden”, der publikum fekk vere med og synge.

– Vi håpar de kjem til å kose dykk i kveld, og at de kjem til å like programmet som vi har sett saman i år, sa rektor Ann Karin W. Ose då ho ønskte velkomen til konsert.

– Kjem i julestemning
Og det var verkeleg eit fint program elevane og lærarane ved skulen serverte. Gloppen voices er sett saman av alle songelevane ved kulturskulen. Tolv jenter og songlæraren deira, Ann-Margrit Silfverhielm, opna konserten med ”Walking in the Air” – ein song som er henta frå ”The Snowman”. Her var Karine Ommedal, Rebekka V. Kroken og Maria H. Gimmestad solistar, medan Malin Aaberg var solist på det neste nummeret, ”Home for Christmas” av Maria Mena.

15-åringen hadde plukka ut songen i lag med songlæraren sin.

– Maria Mena har ei veldig spesiell stemme. Ho er flink til å synge, og eg er glad i fleire av songane ho har laga. Når eg syng ”Home for Christmas” kjem eg i julestemning med ein gong, fortel Malin Aaberg.

Les mykje meir og sjå biletreportasje frå konserten i måndagsavisa.