Væpna politiaksjon i Jølster

Politiet er onsdag føremiddag i ferd med å etablere ein større styrke utanfor ein bustad i Jølster.

Ein patrulje skulle bistå namsmannen med eit sivilt gjeremål på ei adresse i Jølstravegen. Dei fekk kontakt med mannen dei skulle ha tak i, men vedkomande framstod lite samarbeidsvillig.

Væpna politi siktar mot huset.

– Han viste fram ein kniv på trappa og gjekk tilbake i bustaden sin. Politiet har så langt ikkje lukkast å kome i kontakt med vedkomande på ny, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen blir meldt å vere i fare og ingen er skada.

Trafikken forbi bustaden, på E39, går som normalt.

Oppdatert:

– Det er roleg på staden. Er no tidvis oppretta dialog mellom politi og mistenkte per telefon. Mistenkte har ikkje nytta våpen, og ingen er komne til skade eller blitt utsette for truslar etc. Aktuell bustad ligg i spreidd busetnad, og ingen av dei næraste bebuarane er blitt evakuerte. Trafikken på E39 går som normalt, opplyser politiet i ei pressemelding kl. 11.23.

Oppdatert:

Litt før klokka 13 opplyser vitne på staden til Firda Tidend at to polititenestemenn siktar på det aktuelle huset med maskinpistol.

Fem politibilar og ambulanse er på plass.

Oppdatert:

I ei pressemelding kl. 13.09 opplyser politiet at situasjonen er uendra:

– Mistenkte framleis inne i bustaden. Tidvis dialog med politiet per tlf. Ingen våpen nytta. Rolig på adressa. Trafikk på E39 går som normalt. Ingen verken skada eller evakuert.