Det dårlege vêret på torgdagen under Matamål i fjor, var ein av fleire faktorar til at arrangementet sine inntekter vart mindre enn budsjettert.

Uviss framtid for Matamål

– Risikoen ved denne typen arrangement er høg. Vi ønskjer å satse vidare, men er nøydde til å redusere risikograda, seier prosjektleiar Sigmund Vereide.

Matfestivalen Matamål på Sandane såg dagens lys i 2010. I fjor gjekk arrangementet av stabelen for femte gong. Det vart ein økonomisk nedtur med eit underskot på om lag 100.000 kroner. No vurderer arrangøren, Agro Business Park, festivalen si framtid.

Ekstrakostnader

– Vi manglar ganske mykje på å få att det vi har lagt ned i arbeidsinnsats. Det gjekk ein del dårlegare enn budsjettert. Dårleg vêr, vind og skadar på materiell er mellom årsakene til dette, seier Sigmund Vereide som både er prosjektleiar for festivalen og dagleg leiar av Agro Business Park.

– Var budsjettet urealistisk?

– Eigentleg ikkje, men det kom ein del ekstrakostnader, i tillegg til manglande inntekter. Marginane er små. Vi hadde ikkje budsjettert med så store inntekter, men når desse svikta, blei det eit dårleg resultat.

Les heile saka i papirutgåva fredag.