Uvêret kjem – politiet ber folk unngå unødig ferdsel på vegane
Det er venta store nedbørsmengder på Vestlandet torsdag. Vegar kan bli stengde på kort varsel og politiet åtvarar folk mot unødig ferdsel.
– Politiet oppmodar befolkninga til å unngå unødig ferdsel på vegane i distriktet. Politiet oppmodar også befolkninga til å oppdatere seg på vêrmelding i media og farevarsel på yr.no og varsom.no. Sjekk også ut eigen kommunes nettsider for lokal informasjon, skriv Vest politidistrikt på politiloggen.
Torsdag er det venta ekstreme nedbørsmengder på Vestlandet. Lokalt kan det komme mellom 120 og 180 millimeter i løpet av dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er sendt ut raudt farevarsel for regn, flaum og jordskred på Vestlandet som følgje av ekstremvêret, som har fått namnet Jakob.
Ein del stader vil mellombels kunne miste vegsambandet, gjerne i fleire dagar, opplyser Varsom.no.
Uvêret er venta å ramme indre delar av Vestland hardast, men det er også sendt ut farevarsel for Rogaland og Møre og Romsdal, og delar av Agder, Telemark, Buskerud, Innlandet og Trøndelag.
Vegar kan bli stengde på kort varsel
Bane Nor opplyser at Bergensbanen blir stengd mellom Finse og Bergen frå natt til torsdag på grunn av uvêret.
Statens vegvesen seier at skredhendingar kan få konsekvensar for ferdsel på vegane.
– Vegar kan bli stengd på kort varsel, og det kan medføre betydeleg fare å ferdast på vegane medan flaum- og skredsituasjonen går føre seg, skriv dei i ei pressemelding.
Dei rår folk til å følgje med på trafikkmeldingar på vegvesen.no/trafikk. I tillegg bør ein vurdere om ein faktisk må ut og reise, eller om ein kan utsetje det til ting har roa seg ned.
Røde Kors hevar beredskapen
Røde Kors Røde Kors er i ekstra beredskap i Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Buskerud og Innlandet på grunn av dei enorme nedbørsmengdene som er venta i samband med ekstremvêret Jakob.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi hevar beredskapen i fylke som er venta å bli ramma av ekstremvêret Jakob. Dette gjer vi for å kunne hjelpe til med mellom anna søk og redning, evakuering, varetaking av dei som er ramma og transport av redningsmateriell til dei som er ramma, seier Øyvin Rannem Lund, fungerande leiar for beredskap og krisehandtering i Røde Kors, i ei pressemelding.
Fleire stengde skular i Sogn og Fjordane
Fleire skular i Sogn og Fjordane har heimeskule torsdag, mellom anna Sogndal vidaregåande skule.
– Skulen har vore i kontakt med alle kommunane i Sogn, og i tillegg gjort vurderingar om korleis det vil vere for elevane å reise til skulen i det varsla uvêret, skriv Sogndal vidaregåande skule på nettsida si.
Undervisninga blir på Teams, og faglærarane tek kontakt med elevane med tanke på oppmøte og undervisning.
Sunnfjord kommune skriv på si side at skuleelevar i ei rekke område blir bedne om å vere heime. Elevar i andre område som blir heime, får ikkje registrert fråvær, men foreldre blir bedne om å sende melding på førehand. I tillegg blir kommunestyremøtet halde i Sunnfjord torsdag på Teams.
Opne skular i Voss
Voss herad har sett krisestab. Kriseleiinga følgjer situasjonen, og neste møte blir halde klokka 11 torsdag, skriv dei i ei pressemelding onsdag kveld.
Alle skular og barnehagar i kommunen vil halde ope torsdag, men at det, avhengig av korleis flaumsituasjonen utviklar seg, kan vere aktuelt å avslutte skuledagen tidlegare. Dei føresette vil i så fall få beskjed om det.
Det blir vurdert innbyggjarvarsling i Voss til område som kan bli ramma.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også Ullensvang kommune set krisestab, melder Hardanger Folkeblad. (©NPK)